Beltana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Beltana rundt 1935.

Beltana er ein liten stad (town) i Sør-Australia som ligg 540 km nord for Adelaide. Beltana er kjend for å ha fortsett å eksistera lenge etter at eksistensgrunnlaget forsvann. Staden blei folkesett frå 1870-talet då ein byrja med kopargruvedrift og bygginga av Australian Overland Telegraph Line og jernbanelinja The Ghan. Innbyggjartalet byrja å gå ned frå 1941 då ein byrja gruvedrift etter kol ved Leigh Creek og folk flytta dit i staden. I 1983 blei hovudvegen flytt vekk frå staden.[1] Beltana hadde sitt største folketal på 1880-talet, med 390 innbyggjarar i 1883.[2] Tidleg på 2000-talet budde berre rundt 20 folk i Beltana.[3]

Beltana har viktige band til utbygginga av telegrafen, den transkontinentale jernbana, gruvedrift, outback-livet, Australian Inland Mission og den «afghanske» kameltransporten i innlandet.[4] Restane etter byen, gravplassen og jernbanestrukturane blei erklært State Heritage Area i 1987.[4]

Ein har halde hesteveddeløp her sidan 1876, og ein har halde fram med å arrgangera piknikløp og gymkhana kvart år og landbrukstreff annakvart år.[3]

Opphavlege innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Dei opphavlege innbyggjarane på staden var kuyani- og adnyamathanha-aboriginarar som pleide å vitja staden fordi det var vasskjelder i nærleiken, Warrioota og Sliding Rock, og mange eukalyptustre (red gums).[5] Då europearane slo seg ned her blei den tradisjonelle levemåten deira umogleg å fortsetja, og mange av dei blei gardsarbeidarar.[1] Etterkvart som byen gradvis blei fråflytt slo nokre aboriginarar seg ned i dei forlatne bygningane, og på slutten av 1960-talet var dei igjen ein majoritet i området.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Interpreting Beltana's History, interpretative signs around the town». Heritage South Australia, Government of South Australia. 2006. Arkivert frå originalen 19. september 2006. Henta 10. september 2006. 
  2. «Beltana», Beltana (på engelsk), henta 8. mars 2020 
  3. 3,0 3,1 «Communities - Beltana». Outback Areas Community Development Trust. 2003. Arkivert frå originalen 29. august 2007. Henta 10. september 2006. 
  4. 4,0 4,1 «Beltana State Heritage Area». Heritage South Australia, Government of South Australia. 2006. Arkivert frå originalen 19. september 2006. Henta 10. september 2006. 
  5. «Beltana», The Sydney Morning Herald (på engelsk), 8. februar 2004, henta 8. mars 2020 
  6. Aird G 1984, p. 12

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]