Belyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Belyøya)
Hopp til navigering Hopp til søk
Belyj i Karahavet

Belyj (russisk Белый остров eller Belyi ostrov) er ei relativt stor øy i Karahavet like utanfor Jamalhalvøya i Sibir, Russland.

Belyj dekkjer eit areal på 1810 km². Ho er dekt av tundra, men ein finn òg noko lågt kratt på øya. Mellom øya og fastlandet ligg Malyginasundet som er 8-10 km breitt og islagd det meste av året.

Øya høyrer til Jamalo-Nenetsk autonome okrug, som høyrer til den nordlege delen av Tjumen oblast.

Det ligg ein russisk forskingsstasjon heilt nordvest på Belyj.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

I den store bukta på austsida av Belyj ligg ei 10 km lang øy kalla Bezymjannij. Ostrov Tabango og Ostrov Tiubtsiango ligg 20 km sør for det søraustlege hjørnet av Belyj.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 73°15′N 70°50′E