Ben Cauley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ben Cauley
Ben Cauley.jpg
Cauley i 2015
Fødd3. oktober 1947(1947-10-03)
FødestadMemphis i Tennessee i USA
Død21. september 2015 (67 år)
DødsstadMemphis i Tennessee i USA
FødenamnBen S. Cauley, Jr
Aktiv1960s–2015
SjangerSoul
InstrumentTrompet
Tilknytte artistarThe Bar-Kays
PlateselskapStax
Verka somMusikar, låtskrivar, arrangør

Ben S. Cauley jr. (3. oktober 194721. september 2015) var ein USA-amerikansk trompetist, vokalist, låtskrivar og grunnleggjande medlem i Stax Records-gruppa The Bar-Kays. Han var den einaste som overlevde flystyrten i 1967 som tok livet av soulsongaren Otis Redding og fire av medlemmane i Bar-Kays.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Cauley vart fødd i South Memphis i Tennessee. Han lærte å spele trompet på skulen og danna eit band med gitaristen Jimmy King, saksofonisten Phalon Jones, trommeslagaren Carl Cunningham, klaverspelaren Ronnie Caldwell og bassisten James Alexander. Gruppa heitte opphavleg the Imperials, og endra namn til the Bar-Kays i midten av 1960-åra. Cauley byrja på LeMoyne College i 1965, før han vart profesjonell musikar.[1]

The Bar-Kays[endre | endre wikiteksten]

The Bar-Kays kom til Stax-studioet i 1966, og fekk kontrakt med Stax-etiketten Volt Records i byrjinga av 1967. I følgje James Alexander var Cauley den best kledde i gruppa, og gjekk alltid i dress, uansett kva høve.

Al Jackson jr., som var trommeslagar i Booker T & the MGs, synte særleg interesse for dei unge medlemmane i the Bar-Kays og lærte dei opp til å bli det andre husbandet til Stax etter Booker T and the MGs.[2] Slik kom dei til å akkompagnere mange innspelingar for Stax-artistar som Otis Redding, Carla Thomas, og Sam and Dave. Otis Rdding likte faktisk bandet så godt at han valte dei som turnéband sommaren 1967.

Flystyrt[endre | endre wikiteksten]

Den 10. desember 1967 skulle Otis Redding og the Bar-Kays fly i flyet til Redding, eit Beechcraft, til Madison i Wisconsin. På ettermiddagen styrta flyet deira i det islagte vatnet Lake Monona, like utafor Madison. Bar-Kays-bassisten James Alexander hadde teke eit anna fly, fordi det ikkje var plass til alle på flyet til Redding.[2][3] Cauley, som sat rett bak Redding, hadde sovna og heldt rundt seteputa si. Han vakna då han ikkje fekk puste. Han sa han så såg bandkollegaen Phalon Jones sjå ut vindauget og sei «Åh nei!»[3] Cauley kom seg så laus frå setebeltet og klarte å kome seg ut av vraket. Dei andre på flyet, inkludert Redding, vart funne festa til seta sine.[4] Vengja på flyet vart rive av, og Cauley klarte å flyte til overflata gjennom holet i flykroppen, og heldt framleis rundt seteputa si. Cauley prøvde å symje attende til bandkollegaene som ikkje kom seg ut av flyet, og såg korleis dei skreik etter hjelp før dei vart dradd under i det iskalde vatnet. Kring 20 minuttar etter styrten vart Cauley dradd opp i ein politibåt og hadde då hypotermi og var i sjokk. Cauley fortalte at han sleit med mareritt om ulukka så lenge han levde.

Etter flystyrten[endre | endre wikiteksten]

Ben Cauley og James Alexander fortsette med the Bar-Kays og spelte vidare for Stax-artistar som Isaac Hayes, Rufus Thomas og The Staple Singers, i tillegg til at dei spelte på Wattstax, «The Black Woodstock». Bandet tente lite pengar, sidan dei ikkje hadde mykje arbeid utanom å vere husband for Stax, og måtte ofte turnere med artistane dei spelte for. Cauley hadde to døtrer å forsørgje, så han slutta i gruppa i 1971, slik at han kunne spele på eiga hand og samstundes kome heim til familien.

Cauley fekk svekkande slag i 1989, men kom seg etter kvart heilt att, bortsett frå at han stundom sleit med utydeleg tale.

Inn i 2000-åra spelte Cauley for Liz Lottmann,[5] ein jazz- og bluessongar, eller spelte på klubbar i Memphis, særleg Rum Boogie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bob Mehr, «Bar-Kays hornman Ben Cauley is a survivor», The Commercial Appeal, December 9, 2007. Henta 16. august 2016
  2. 2,0 2,1 Maria Granditsky. «Bar-Kays: Bio». Hem.bredband.net. Henta 16. august 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Redding Was Sitting In Co-Pilot's Seat, Survivor Says» (JPG). Jpp-product.club.fr. Henta 16. august 2016. 
  4. «Cause Of Crash Not Pinpointed By Officials : Credit Survivor's Life To Swift Police Action» (JPG). Jpp-product.club.fr. Henta 16. august 2016. 
  5. [1] Arkivert 10. februar 2006 på Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]