Ben More ved Crianlarich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ben More
Storfjellet
Munro, Marilyn
Ben More frå Stob Binnein
Land  Skottland
Topp Stirling
 - høgd 1 174 moh.
 - Primærfaktor 989 m
Kart
Ben More ved Crianlarich
56°23′09″N 4°32′24″W / 56.385952°N 4.540087°W / 56.385952; -4.540087
Wikimedia Commons: Ben More (Crianlarich)

Ben More (skotsk-gælisk Beinn Mhòr, ‘det store fjellet’) er eit fjell i den sørlege delen av dei skotske høglanda, nær Crianlarich. Det er det høgste av dei såkalla Crianlarich-fjella aust for den vesle landsbyen, og den høgste toppen i [[Loch Lomond and The Trossachs nasjonalpark[]]. Det finst ikkje høgre fjell enn dette lenger sør i Storbritannia. Det er skilt frå Stob Binnein av Bealach-eadar-dha Beinn, ‘passet mellom dei to fjella’.

Den enklaste ruta opp byrjar på Benmore Farm på A85-vegen. Fyrst må ein følgje stigen som fører ein opp Benmore Burn, før ein forlèt han og byrjar å gå oppover den nordvestre ryggen på Ben More. Denne ryggen er svært bratt, med ei stiging på 1000 m på omtrent 4 km. Den nordaustre ryggen kan vere eit godt alternativ. Han er mindre bratt, men steinete. For å kome til denne, må ein følgje bekken Allt Coire Chaorach, før ein skjer av ved Sròn nam Fòirsairean når ein har kome forbi skogfeltet som dekkjer dei nedre bakkane på denne sida av. Denne ruta er rundt 5 km lang.

Toppen på Ben More vert ofte nådd i samanheng med Stob Binnein ved å gå ned til Bealach-eadar-dha Beinn og deretter opp på den andre toppen. Deretter kan ein gå direkte frå passet og ned til Benmore Burn.

Nordsida av Ben More har eit felt med snø som brukar lang tid på å forsvinne og som – eineståande i dei sørlege høglanda – er namngjeve på eit 1:25 000-kart. Feltet vert kalla Cuidhe Chrom («den krokete kransen»), grunna forma det har på seinvåren/tidlegsommaren. Dette feltet forsvinn oftast ikkje før i juni, og nokre goner ikkje før i juli. Namnet Cuidhe Chrom finn ein også på Lochnagar og Cairngorm.

I januar 1973 styrta eit fly på fjellet og to pilotar og to passasjerar mista livet i ulukka.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ben More ved Crianlarich