Benagaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Benagaria er ein landsby i Jharkhand i India, nær grensa til Vest-Bengal. Området er i første rekkje folkesett av stammefolket santalar. I denne landsbyen var det nordmannen Lars Olsen Skrefsrud saman med dansken Hans Peter Børresen etablerte Ebenezer, den første misjonsstasjonen for Santalmisjonen.

Like ved misjonsstasjonen i Benagaria blei det bygd ei kyrkje som kunne romma meir enn 2000 menneske. Bygningsarkitekt var Hans Peter Børresen. Ebenezer kyrkje i Benagaria var motiv på eit norsk frimerke som kom ut i samband med Santalmisjonen sin 100 års-jubileum i 1967. Kyrkjebygget er enno i bruk av NELC.

Koordinatar[endre | endre wikiteksten]

24°11′13.04″N 87°36′42.24″E Plasseringa av Ebenezer gamle kyrkje. Den nye kyrkja, teikna av Børresen, ligg like aust for denne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]