Bendik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravstein for Bendix Passig i Schleswig-Holstein.

Bendik er eit mannsnamn, ei hovudsakleg norsk form av Benedikt som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'. Bendik har namnedag den 21. mars. Namnet finst òg med skrivemåtane Bendic, Bendick, Bendiks og Bendix, dei sistnemnde òg i Danmark.

Andre namn med lik tyding og opphav er til dømes Bengt, Bent og Ben, medan Beate, Benedikte og Bente er nærskylde kvinnenamn.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet Bendik er nesten berre brukt i Noreg, der det er kjend frå 1300-talet. Det blir mellom anna brukt i den mellomalderske riddarvisa «Bendik og Årolilja».

I nyare tid har namnet vore nokså lite brukt fram til 1980-talet, då bruken voks kraftig. Namnet nådde toppen av populariteten mot slutten av 1990-talet, før populæriteten gjekk raskt ned igjen.

I 2009 var det rundt 1 830 norske menn som heitte Bendik.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]