Bendik Riis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bendik Riis

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. november 1911
Død

20. januar 1988 (76 år)

Yrke kunstmålar
Bendik Riis på Commons
Bendik Riis på 73-årsdagen 20. november 1984.

Bendik Riis, Bendik Arnold Riis Kristiansen (20. november 191120. januar 1988) var ein norsk kunstmålar og teiknar, fødd i Fredrikstad. Foreldre var tømmermann Albert Kristiansen (1882–1945) og Thora Marie Riis (1882–1943). Bendik Riis var ugift heile livet.

Riis gjekk i lære hjå målarmeister Andreas Nilsen i Fredrikstad frå 1928, og fekk eit godt ord på seg som dekorasjonsmålar. Han tok òg privat kunstundervisning hjå kunstmålaren Waldermar S. Dahl og seinare hjå Bjørn Smith-Hald.

I 1933 debuterte Riis på Haustutstillinga (Statens Kunstutstilling) i Oslo med ei teikning. Han deltok i idékonkurransen for utsmykkinga av Oslo rådhus i 1938, og tok òg del i mange andre utsmykkingskonkurransar.

Hausten 1939 gjekk han på Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo med Per Krohg og Karl Høgberg som lærarar, og i januar og februar 1940 studerte han på Statens Kunstakademi under Axel Revold.

Bendik Riis har skapt nokre av dei mest særprega verka i den norske målarkunsten, både mellom dei meste fantasifulle og vakre, og mellom dei mest traumatiske og sosialt opprørande. I det store og heile er verka av Riis ein sjølvbiografi med mange sterke skildringar av det som han såg på som overgrep frå styresmaktane og frå den legestanden han møtte under sine mange år på psykiatriske sjukehus. Ei hending som sette djupe spor, og som han ofte tok opp i kunsten sin, var då han som sekstenåring opplevde at familien vart kasta ut av heimen med makt grunn av økonomiske problem. Eit av hovudverka hans er Utkastelsen frå 1954, der han syner korleis truande og overmektige politimenn tvingar den hjelpelause familien ut av huset deira.

Då Bendik Riis døydde i 1988, arrangerte Galleri Dobloug minneutstilling, og då Museet for samtidskunst i Oslo opna i 1990, var verk av Bendik Riis blant hovudverka i utstillinga. I 1998 arrangerte Galleri F 15 i Moss den fyrste større retrospektive utstillinga av verka hans. Han er elles representert i fleire av dei offentlege kunstsamlingane i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]