Bendix Bendixen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bendix Bendixen
Fødd6. september 1838
Død28. februar 1918
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, arkeolog, historikar

Bendix Edvard Reutz Bendixen (6. september 183828. februar 1918) var ein norsk skulemann, oldtidsgranskar og politikar frå Bergen.

Bendixen var son til ein skipper. Sjølv vart han student frå Bergens katedralskule i 1857 og cand. philol. i 1863. Frå 1864 var han adjunkt ved den lærde skulen i Kristiansund. Sidan var han frå 1875 til 1908 styrar ved Tanks skole i Bergen. Med stipend frå det offentlege dreiv han 1870-72 undersøkingar i historiske minne og oldtidsminne i Nordmøre og Romsdal. Åra 1873-75 studerte han ulike museum i Danmark, Sverige, Tyskland, Austerrike-Ungarn, Italia, England, Belgia og Hellas.

Bendixen var medlem av Bergens bystyre, ordførar 1883-85.

Han gav ut ei rad arkeologiske og historiske avhandlingar i tiddskrift og avis, samt forfatta skulesoga for Tank skole 1850-1900.

Bendixen var 3. representant for Bergen på Stortinget 1886-88. Han var medlem av budsjettkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914