Bendix Ebbell
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bendix Joachim Ebbell.
Bendix Ebbell | |||
![]() | |||
Fødd | 12. april 1865 Vestre Aker | ||
---|---|---|---|
Død | 9. juni 1941 Stavanger kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lege, misjonær, egyptolog, teolog | ||
Ektefelle | Anna Margrethe Ebbel | ||
Barn | Ella Marie Ebbel | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Bendix Ebbell (12. april 1865–9. juni 1941) var ein norsk medisinar og teolog, kjend for misjonsarbeid på Madagaskar og interessa si for det gamle Egypt.
Ebbell var fødd i Christiania. He fekk grada cand.theol. i 1888 og cand.med. i 1892. Frå 1893 til 1912 arbeidde han som lege for dei norske misjonærane på Madagaskar. Han dreiv medisinsk forsking, mellom anna på mangelsjukdommar, og gav ut innsiktsfulle studie om beri-beri og rakitt. I 1903 gav han ut musikken til den madagassisk-lutherske salmeboka.
Han gifta seg med Anna Margrethe Dahle, som sjølv var dotter av ein misjonsprest og oppvaksen på Madagaskar, i 1894. Han grunnla eit sjukehus i den norske misjonsstasjonen Antsirabé. Det blei brend ned av motstandarar mot det franske kolonistyret i 1896, men raskt attreist av Ebbell.
Bendix Ebbell var òg interessert i egyptologi, særleg gammalegyptisk medisin. Han omsette to papyrusar, «Papyrus Ebers» frå 1500-talet f.Kr. og Papyrus Edwin Smith frå 1600-talet f.Kr.
I 1912 kom Ebbell tilbake til Noreg og blei distriktslege i Sandnes. Frå 1917 til 1935 var han fylkeslege i Rogaland og distriktslege i Hetland.
Bendix Ebbell var medlem av hovudstyret i Det Norske Misjonsselskap frå 1924 til 36. Han blei vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1937.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Bendix Ebbell» i Store norske leksikon, snl.no.
- Bendix Ebbell i Norsk Biografisk Leksikon ved snl.no