Benediktinarlikør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liqueur DOM Bénédictine

Benediktinarlikør eller Liqueur DOM Bénédictine er ein fransk, hovudsakleg sitruskrydra likør som vert produsert i Palais Bénédictine i byen Fécamp. D.O.M. står for «Deo - Optimo - Maximo» som tydar: «Til Gud, den største og den beste».

Likøren vert rekna å vera den eldste i verda som framleis er i produksjon. Han vart starta av Dom Bernardo Vincelli i 1510, men klosteret overlet produksjonen til eit privat firma stifta av Alexandre le Grand i 1863. Produksjonen vart då flytta.

Det går i alt 27 forskjellige plantedelar og urter inn i blandinga som etter ei tid og med riktig behandling vert tappa på flasker som har hatt same fasong i mange år. Nokre vert hatt over på Limousin-eikefat for å lagrast i tre år. Denne behandlinga er relativt ny.

Paleet ligg sentralt i Fécamp. Utanom å romma fabrikken, har paleet òg ei samling med lokal kunst og folkekunst, mellom anna gamle folkedrakter frå denne delen av Normandie. I tillegg har dei stilt ut ei stor samling med etterlikningar og forfalskingar av innhald og flasker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]