Bengt Morten Wenstøb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bengt Morten Wenstøb (fødd 26. februar 1963) er ein norsk politikar som er ein av Høgres tre representantar frå ØstfoldStortinget 2013-2017. Han er medlem av Arbeids- og sosialkomitéen.[1]

Wenstøb er cand. socion. frå NTNU i 1995.[2] Han arbeider til dagleg som høgskulelektor ved Høgskolen i Østfold, der han har vore tilsett sidan 2003. Han underviser på sosionomutdanninga ved Avdeling for helse- og sosialfag.[3]

Wenstøb er gift og busett i Fredrikstad. Han har politisk erfaring frå både Fredrikstad Høgre (leiar 2007-2008) og Østfold Høgre.[4] I tillegg har han vore bystyrerepresentant i Fredrikstad.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]