Benguela
| Benguela | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 2 100 km² | ||
| Folketal | 561 775 (2014) | ||
![]() Benguela 12°33′00″S 13°25′00″E / 12.55°S 13.416666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Benguela | |||
Benguela er ein hamneby i Angola. Byen er hovudstaden i provinsen Benguela og har kyst mot Atlanterhavet i vest. Benguela ligg omtrent 400 km sør for Luanda. Byen er ein av dei største i Angola.
Det blir dyrka kaffi, mais, tobakk, sukkerrøyr og sisal i området rundt byen, og det blir eksportert ein del varer frå hamna.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen blei grunnlagd i 1617 av portugisarane, og var lenge eit sentrum for slaveri.
Benguela var startpunktet for den portugisiske oppdagaren Serpa Pinto sin ekspedisjon for å kryssa Sør-Afrika i 1877.[1]
I 1931 blei det opna ei jernbanelinje mellom Benguela i Angola og kopargruvene i Zaire; linja fekk namnet Benguela-banen.[2][3] Dette var det fyrste jernbanesambandet mellom austkysten og vestkysten av Afrika.[3] Banen blei øydelagd under borgarkrigen i Angola, men delvis gjenoppbygd etter at det blei inngått våpenkvile i 1991.[2]
På siste halvdel av 1900-talet eskalerte konfliktnivået internt i Angola, og då dei portugisiske styresmaktene trekte seg ut i 1975 og overlét den tidlegare kolonistaten til sjølvstyre, braut det ut borgarkrig.[4] I 1993 vedtok SN å stasjonera fredsbevarande styrkar frå kontingenten UNAVEM II til mellom anna Benguela-området.[5] Borgarkrigen rasa i Angola i fleire tiår. I 1994/1995 blei det inngått ein fredsavtale, men kampane heldt likevel fram i fleire år etterpå.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Tidslinje». Portugal. Oslo: Gyldendal fakta. s. 55. ISBN 8205323755.
- 1 2 3 «Angola». Damms illustrerte verdens land. [Oslo]: Damm. s. 248. ISBN 8249605837.
- 1 2 «1931: Jernbane krysser Afrika». Damms illustrerte verdenshistorie. [Oslo]: Damm. s. 315. ISBN 8204100167.
- ↑ «Angola». Damms illustrerte verdens land. Damm. 2003. s. 248. ISBN 8249605837.
- ↑ Marki, Petter (2003). «United Nations Angola Verification Mission I, II og III (UNAVEM I, II og III) og Missao de Observadores das Nacoes Unidades em Angola (MUNOA)». | De forente nasjoners fredsbevarende observatøroperasjoner : med norske offiserer i fredsoppdrag. [Forsvarets kompetansesenter for internasjonal virksomhet]. s. 190–191. ISBN 8299682304.
- Denne artikkelen bygger på «Benguela» frå Wikipedia på bokmål, den 11. september 2025.
