Benito Juárez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Benito Juárez
Benito Pablo Juárez García.png
Fødd 21. mars 1806
San Pablo Guelatao
Død

18. juli 1872
Mexico by

Verv President av Mexico
Periode 1861-1863
Føregjengar Miguel Miramón
Etterfylgjar Juan Nepomuceno Almonte
Verv President av Mexico
Periode 1867-1872
Føregjengar Keisar Maximilian av Mexico
Etterfylgjar Sebastián Lerdo de Tejada
Benito Juárez på Commons

Benito Juárez (21. mars 180618. juli 1872) var ein zapotekar frå Mexico, som i to periodar (1861-1863 og 1867-1872) var president av Mexico. Juárez vert ofte sett på den største og mest populære leiaren landet har hatt.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Benito Pablo Juárez vart fødd i landsbyen San Pablo Guelatao i Oaxaca. Foreldra var bønder og døydde før han fylte 4 år. Han arbeidde i kornmarkene og som hyrde inntil han fylte 12 år, men den 17. desember 1818 vandra han til byen Oaxaca for å utdanne seg og få eit betre liv. Då han gjorde dette var han analfabet og snakka ikkje spansk, berre zapotekisk.

I byen vart han tilsett som tenar i eit hushald og arbeidde ivrig for å kunne skaffe seg utdanning. Antonio Salanueva, ein lekbror av fransiskanarordenen, vart imponert over intelligensen og lærelysta til den unge Juárez, og hjelpte han med å bli teken opp på presteseminariet i byen. Han tok sin avsluttande eksamen frå seminariet i 1827 og studerte deretter jus.

Juárez vart advokat i 1834 og domar i 1842. Han var guvernør for staten Oaxaca frå 1847 til 1853, då han vart send i eksil på grunn av motstanden sin mot den korrupte Antonio Lopez de Santa Anna. Han budde då i New Orleans i Louisiana, og arbeidde i ein sigarfabrikk.

Juárez vende tilbake til Mexico i 1855 og slutta seg til opposisjonspartiet Liberales; to år seinare vann dei valet og Juárez vart rettspresident i Mexico under president Ignacio Comonfort. Conservadores-partiet gjorde opprør og det braut ut borgarkrig. Juárez avløyste Comonfort som provisorisk president, og kom til Mexico by den 11. januar 1861 for å gjenetablere den nasjonale einskapen. Han vart vald som president i mars same året, for ein fireårsperiode.

Frankrike invaderte Mexico i 1862 etter Napoleon III sine planar om å opprette eit marionettstyre i landet. Etter harde kampar vart Juárez og den valde regjeringa hans tvinga til å trekkje seg tilbake til den nordlege delen av landet.

Juárez leidde den meksikanske motstandskampen mot dei franske okkupantane og innsetjinga av marionettkeisaren Maximilian av Habsburg. Maximilian tilbaud Juárez amnesti og posisjonen som statsminister, men Juárez nekta å akseptere monarkiet og ei regjering tvinga på av ei framand makt. I 1867 vart dei siste franske troppane og Maximilians allierte slått og drivne ut frå landet. Same år vart Juárez attvald som president.

Benito Juárez var ein progressiv reformist, som gjekk inn for demokrati, like rettar for idianarane i landet, og ei forminsking av den store påverknaden den romersk-katolske kyrkja hadde på meksikansk politikk.

Benito Juárez døydde av eit hjerteattakk medan han arbeidde ved sitt skrivebord i Nasjonalpalasset i Mexico By.

Juárez sitt berømte sitat er enno hugsa i Mexico: El respeto al derecho ajeno es la paz, som tyder «respekt for andre sine rettar er fred». Sitatet inngår i delstaten Oaxaca sitt flagg.

Fødselsdagen til Juárez den 21. mars er ein nasjonal heilagdag i Mexico, Fiestas Patrias.

Juárez har vore skildra i film av skodespelarane Paul Muni (1939), Jason Robards, Sr. (1940), Fausto Tozzi (1965), Helmut Schellhardt (1988) og Luis Valdez (1994).

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!