Benjamin Baillaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Benjamin Baillaud
Benjamin baillaud.jpg
Fødd14. februar 1848
Chalon-sur-Saône
Død8. juli 1934 (86 år)
Paris
NasjonalitetFrankrike
Yrkeastronom, meteorolog
InstitusjonarObservatoire de Toulouse
University of Toulouse
Alma materFaculté des sciences de Paris
École normale supérieure
BarnÉmile Baillaud, Jules Baillaud, René Baillaud
MedlemDet franske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det russiske vitskapsakademiet

Édouard Benjamin Baillaud (14. februar 18488. juli 1934) var ein fransk astronom.

Frå 1869 var Baillaud lærar ved fleire lærestader i Paris. Frå 1874 var han assistent ved observatoriet i byen. I 1878 blei han professor og direktør for observatoriet i Toulouse, og i 1908 blei han direktør for observatoriet i Paris.

Baillaud var president for Société astronomique de France (SAF), det franske astronomilaget, frå 1909 til 1911.[1] Han var aktivt med i arbeidet med å sameinast om ei universell tid, og var med på å skipa det internasjonale tidsbyrået (Bureau International de l'Heure).[2] Baillaud blei den første presidenten for Den internasjonale astronomiske unionen då denne blei skipa i 1919.[3] Han sat i stillinga til 1922. I 1926 gjekk han av som direktør for observatoriet i Paris.

Arbeida hans tek hovudsakleg for seg teorien om rørslene til planetane og kometane og andre emne innan teoretisk astronomi. Benjamin Baillaud gav ut Cours d'astronomie i to band, 1893–1896. Han blei medlem av det svenske Vetenskapsakademien i 1919 og vann Bruce-medaljen i 1923.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bulletin de la Société astronomique de France, 1911, bd. 25, s. 581-586
  2. 2,0 2,1 «Comprendre - Histoire de l'observatoire de Paris - Charles-Eugènes Delaunay», promenade.imcce.fr, henta 7. januar 2020 
  3. Blaauw, Adriaan (1994). History of the IAU : the birth and first half-century of the International Astronomical Union. Dordrecht: Kluwer Academic Publishers. ISBN 0-7923-2979-1.