Benjamin Ingrosso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Benjamin Ingrosso
Benjamin ingrosso.melodifestivalen2018.18d873.1460350.jpg
Fødd14. september 1997 (23 år)
FødestadStockholm
FødenamnBenjamin Daniele Wahlgren Ingrosso
OpphavSverige
Aktiv2006–
Sjangerpop, moderne R&B
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar, skodespelar, plateartist
MorPernilla Wahlgren
FarEmilio Ingrosso

Benjamin Daniele Wahlgren Ingrosso (fødd 14. september 1997) er ein svensk songar og låtskrivar født i Danderyd. Han er son av artisten Pernilla Wahlgren og fetter til Sebastian Ingrosso i Swedish House Mafia. Allereie som barn opptredde Benjamin Ingrosso i fleire store musikalar, og i 2006 vann han Lilla Melodifestivalen, juniorutgåva av Melodifestivalen, med songen «Hej Sofia». I 2014 vann han den svenske versjonen av Skal vi danse, Let's Dance. Ingrosso har òg delteke i Melodifestivalen to gongar: i 2017 og 2018. Ingrosso vann Melodifestivalen i 2018 og representerte Sverige i Eurovision Song Contest i Lisboa i mai 2018 med låten «Dance You Off».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Skodespel og song[endre | endre wikiteksten]

Ingrosso har hatt hovudrolla i fleire musikalar og oppsetjingar, blant anna Nils Karlsson Pyssling.[1] Han vann Lilla Melodifestivalen i 2006 med songen «Hej Sofia» og representerte Sverige i MGP Nordic 2006 i Stockholm der han kom på fjerdeplass.[1]

I 2007 gav han ut singelen «Jag är en astronaut» som Linus Wahlgren hadde spelt inn i 1985.[2] Versjonen til Ingrosso nådde ein andreplass på den svenske singellista same året. Ingrosso var òg ein av artistane som opptredde på Allsång på Skansen sommaren 2007.[2] Dei to neste åra spelte han i musikalen Hujeda mej vá många sånger – og hadde rolla som Rasmus i Rasmus på luffen saman med artisten Markoolio.[3][4][5]

I 2011 hadde Ingrosso rolla som «lillebror» i teateroppsetjinga Karlsson på taket flyger igen i Stockholm.[6] I februar 2014 valde Ingrosso å forlate teaterscena for å konsentrere seg om musikk og låtskriving.[7] I oktober 2016 slapp han sin fyrste musikksingel på fleire år, «Fall in Love».[8] Han skreiv deretter platekontrakt med selskapet TEN Music Group.[9]

Ingrosso vann den svenske utgåva av Skal vi danseLet's Dance 2014 – på TV4, saman med dansepartnaren Sigrid Bernson.[10] Frå 2016 har han delteke saman med mora Pernilla Wahlgren i tv-serien Wahlgrens värld på kanalen Kanal 5.[11]

Melodifestivalen[endre | endre wikiteksten]

Ingrosso deltok i Melodifestivalen 2017 med songen «Good Lovin'», som han skreiv saman med Louis Schoorl og Matt Pardon.[12] Han nådde finalen og enda til slutt på ein fjerdeplass.[13]

Ingrosso deltok på ny i Melodifestivalen i 2018 med songen «Dance You Off».[14] Han kvalifiserte seg til finalen laurdag 10. mars, der han vann.[15] Med sigeren fekk han representere Sverige i semifinale 2 av Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.[16] Der enda han som nummer to og kvalifiserte seg til finalen. Til slutt kom han på syvendeplass i finalen, etter å ha hamna på andreplass i juryavrøystinga og 23.-plass blant sjåarane.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Ingrosso vart fødd i Danderyd og kjem frå ein svært musikalsk og artistisk familie. Faren er dansaren og restauranteigaren Emilio Ingrosso, medan mora er songaren Pernilla Wahlgren. Han er lillebror til Oliver Ingrosso og Bianca Wahlgren Ingrosso. og halvbror til Theodor Wahlgren. Han er òg barnebarnet til skodespelarane Hans Wahlgren og Christina Schollin og dessutan nevøen til skodespelarane Niclas Wahlgren og Linus Wahlgren. Han er òg fetteren til Swedish House Mafia-medlem Sebastian Ingrosso.[17] Ingrosso har italienske anar frå både fars- og morssida.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste
plassering
Sertifiseringar Album
Sverige

[18]

«Hej Sofia» 2006 Ikkje frå album
«Jag är en astronaut» 2007
«Fall in Love» 2015 56 Gull
«Crystal Clear»
«Home for Christmas»
«Love You Again» 2016
«Good Lovin'» 2017 10 Platina
«Do You Think About Me» 87 Gull
«One More Time» 79
[19]
«Dance You Off» 2018 2
[20]
«The Dirt» 2020 Ikkje frå album

Teater[endre | endre wikiteksten]

  • Nils Karlsson Pyssling
  • Hujeda mej vá många sånger (2008–2009)
  • Karlsson på taket flyger igen (2011)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ingrosso skrev av sig om brustet förhållande». Sydsvenskan. Henta 7. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Det här visste du nog inte om Benjamin Wahlgren Ingrosso». 3. februar 2018. Henta 7. mars 2018. 
  3. Eijde, Malin (13. september 2017). «Benjamin Ingrosso: "Stå på utsålda arenor är fortfarande min dröm" - Blekinge Läns Tidning». Henta 7. mars 2018. 
  4. «Linus Wahlgrens regidebut till Helsingborg». Henta 7. mars 2018. 
  5. «Lotta Engberg och Peter Jihde leder Eldsjälsgalan med miljonbingo i TV4 - TV4 - tv4.se». TV4.se. Henta 7. mars 2018. 
  6. «Benjamin Wahlgren, 16: Nu drar jag mig tillbaka». Henta 7. mars 2018. 
  7. «Benjamin Wahlgren, 16: Nu drar jag mig tillbaka». Henta 7. mars 2018. 
  8. «Benjamin Ingrosso – Fall in love». Arkivert frå originalen 2018-03-08. Henta 7. mars 2018. 
  9. «New music – Benjamin Ingrosso & Felix Sandman – TEN Music Group». www.ten.se. Henta 7. mars 2018. 
  10. «Benjamin Wahlgren vann Let's dance». www.gp.se. Arkivert frå originalen 2014-05-11. Henta 7. mars 2017. 
  11. «Storbråk direkt i Wahlgrens värld: ”Schizofren”». Aftonbladet. Henta 7. mars 2018. 
  12. Dahlander, Moa Linette Lindahl, Gustav. «Benjamin Ingrosso i topp fem i Melodifestivalen 2017: ”Det är helt sjukt!”». Henta 7. mars 2018. 
  13. «Eurovision Sweden: Mariette and Benjamin Ingrosso to the final of Melodifestivalen 2017! - ESCToday.com». esctoday.com. 11. februar 2017. Henta 7. mars 2018. 
  14. «Sweden Melodifestivalen 2018: John Lundvik and Benjamin Ingrosso to the final». eurovisionworld.com. 3. februar 2018. Henta 7. mars 2018. 
  15. «Eurovision Sweden: John Lundvik and Benjamin Ingrosso qualify to the Melodifestivalen 2018 final - ESCToday.com». 3. februar 2018. Henta 7. mars 2018. 
  16. «Sweden:Benjamin Ingrosso wins Melodifestivalen 2018 with "Dance You Off"- wiwibloggs». wiwibloggs. 10. mars 2018. 
  17. Intervju med Benjamin Ingrosso Sveriges Radio Henta 10. mars 2018
  18. «Benjamin Ingrosso discography - Swedish Charts». swedishcharts.com/ Hung Medien. 
  19. «Sverigetopplistan – Sveriges Officiella Topplista». Sverigetopplistan. Henta 7. mars 2018. 
  20. «Sverigetopplistan – Sveriges Officiella Topplista». Sverigetopplistan. Henta 10. mars 2018.