Benjamin Lee Whorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benjamin Whorf
Fødd24. april 1897
Winthrop i Massachusetts
Død26. juli 1941 (44 år)
Wethersfield, Hartford
Nasjonalitetamerikansk
Områdelingvistikk
Yrkeantropolog, lingvist, filosof
InstitusjonarYale University
Alma materYale University
Massachusetts Institute of Technology
DoktorgradsrettleiarEdward Sapir
Kjend forSapir–Whorf-hypotesen

Benjamin Lee Whorf (24. april 189726. juli 1941) var ein amerikansk antropolog og lingvist. Han studerte mellom anna nahuatl (aztek) og maya, og medverka til den seinare dechiffreringa av gamle innskrifter ved å påpeike at teikna utgjorde språkteikn. Gjennom studiar av hopi såg Whorf korleis grammatiske kategoriar tilrettelegg tenking om universet, og i samarbeid med Edward Sapir utforma han ein hypotese om styringa til språkstrukturen av tenkinga kalla lingvistisk relativisme, eller Sapir-Whorf-hypotesen, som er mykje omdiskutert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Benjamin_Lee_Whorf» av Henning Siverts i Store norske leksikon, snl.no.