Benjamin Netanyahu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Benjamin Netanyahu
Benjamin Netanyahu 2018.jpg
Føddבִּנְיָמִין נְתַנְיָהוּ
21. oktober 1949 (72 år)
Tel Aviv
Statsborgar avIsrael
PartiLikud
Yrkepolitikar, diplomat, statsmann, militær, politisk skribent, statsvitar
InstitusjonarBoston Consulting Group
Utdanna vedMassachusetts Institute of Technology
Cheltenham High School
MIT Sloan School of Management
MorZila Netanyahu
FarBenzion Netanyahu
EktefelleSara Netanyahu, Miki Haran, Fleur Cates
BarnYair Netanyahu, Avner Netanyahu, Noa Roth
VervStatsminister i Israel 1996-1999
FøregangarShimon Peres
EtterfylgjarEhud Barak
VervStatsminister i Israel 2009-
FøregangarEhud Olmert
VervPartileiar i Likud 1993-1999
FøregangarYitzhak Shamir
EtterfylgjarAriel Sharon
VervPartileiar i Likud 2005-
FøregangarAriel Sharon

Benjamin «Bibi» Netanyahu ((fødd 21. oktober 1949 i Tel Aviv) er ein israelsk politikar, diplomat og den noverande statsministeren i Israel. Han var den niande statsministeren i Israel frå 1996 til 1999, og vart igjen statsminister i 2009.

Netanyahu er medlem av det konservative Likud-partiet, som han òg var leiar for frå 1993 til 1999 og igjen frå 2005. I det fyrste direkte statsministervalet vann han med eit partiprogram som mellom anna var kritisk til høge tempoet i fredsprosessen med Palestina. Han var i den fyrste perioden sin statsminister frå april 1996 til mai 1999, og er den fyrste og til no einaste israelske statsministeren som er fødd etter opprettinga av staten Israel.

Han var finansminister i regjeringa til Ariel Sharon fram til 7. august 2005, då han sa frå seg denne stillinga i protest mot den israelske tilbaketrekkinga frå Gazastripa.

Tidlegare har han vore ambassadør på Israel sin ambassade til USA (1982–1984), FN-ambassadør (1984–88) og viseutanriksminister (1988–1991).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Benjamin Netanyahu