Benjamin O. Schei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Benjamin O. Schei
Fødd6. oktober 1858
Død25. januar 1940
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Benjamin Olsson Schei (6. oktober 185825. januar 1940) var ein norsk gardbrukar, bankmann, lensmann og stortingsmann frå Stadsbygd i Sør-Trøndelag. Frå 1913 til 1927 representerte han VenstreStortinget.

Schei var son til ein gardbrukar. Han tok over farsgarden Skei i 1882 og dreiv han i lang tid. Frå 1892 var han også banksjef i den lokale sparebanken. I 1913 tok han over lensmannsombodet i Stadsbygd, eit ombod han hadde til 1929.

Schei var ordførar i Stadsbygd frå 1892 til 1913, og forlikskommissær frå 1903. Elles var han styreformann for landbruksskulen i amtet frå 1906. I 1899 var han medlem av departementskomitear vedkomande revisjon av huslån- og jordinnkjøpfonda, og om oppretting av arbeidskontor.

Schei var einmannskrinsen Indre Fosen sin representant på Stortinget 1913-21. I den fyrste treårsbolken var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i den andre formann i vegkomiteen og i den tredje formann i protokollkomiteen. Han heldt fram som leiar av protokollkomiteen då han frå 1922 til -27 var 5. representant frå Sør-Trøndelag fylke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]