Benjamin Spock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benjamin Spock

Fødd2. mai 1903
New Haven
Død15. mars 1998
La Jolla
NasjonalitetUSA
Områdepediatri
Yrkelege, offiser, roar, pedagog, universitetslærar, psykiater, politikar, psykolog, lærar
InstitusjonarUniversity of Pittsburgh
Alma materColumbia University College of Physicians and Surgeons
Phillips Academy
Yale School of Medicine
Columbia University
Hamden Hall Country Day School

Benjamin McLane Spock (2. mai 190315. mars 1998) var ein amerikansk barnelege frå Connecticut, USA og professor i pediatri ved Case Western Reserve University frå 1955 til 1967.

Han gav ut fleire populærmedisinske bøker, mest kjend er bestseljaren The Common Sense Book of Baby and Child Care som vart utgjeven i 1946. Boka vart utgjeven på norsk i 1952, under namnet Barnet – Sunn fornuft i barnestell og oppdragelse. Boka hadde ein revolusjonerande bodskap til foreldra: Du veit meir enn du trur. Og for Spock var det viktig å framheve at Foreldre skal også leve.

I 1924 var Spock med på åttemannslaget som tok gull i roing under dei olympiske leikane i Paris 1924.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Spock underviste i barnesjukdommar ved Cornelluniversitetet i New York før han i 1942 vart rådgjevar i barnepsykologi i New Yorks helseråd. Då var han alt godt kjend i USA for dei friske radiokåseria sine om oppseding av barn.

Gjennom arbeidet forstod Spock at amerikanske foreldre trengde enkel, lettfatteleg opplysing om barnestell og korleis barn utvikla seg. Det var naudsynt å gje foreldra attende trua på at dei kunne oppsede barn, meinte han. I fire år arbeidde han i lag med kona Jane på boka Barnet – Sunn fornuft i barnestell og oppdragelse som på tolv år kom ut i meir enn elleve millionar eksemplar. I boka nøyer ikkje Spock seg med å fortelje kva ein burde gjere, men korfor ein burde gjere det. Boka tok ikkje berre opp dei viktigaste problema i barnestellet – forfattaren hadde òg eit vake auga for smådetaljane som ofte gav foreldra meir uro enn sjukdom og kosthald.

Dr. Spock og barnebarnet Susannah I 1967

I 1947 vart Spock leiar av The Child Health Institute i Rochester i Minnesota, og i 1951 vart han professor, først i Pittsburgh, sidan i Cleveland.

Før Spock si tid var den gjeldande læra at oppsedinga skulle fokusere på disiplin og at småbarna ikkje skulle skjemmast bort. Spock oppmoda foreldre til å bli meir tøyelege og kjærlege med barna sine, til å behandle dei meir individuelt. Sidan såg han at samvitsfulle foreldre oftare kom i vanskar fordi dei var for ettergjevande enn fordi dei var for strenge. I seinare utgåver av boka gav han derfor uttrykk for eit syn der han la vekt på at foreldra måtte ta omsyn til sine eigne behov. Difor tilrår Spock mødrene å amme til faste tider – ikkje av omsyn til barnet, men fordi plan og struktur kan gjere det lettare for mora å få tid til andre gjeremål.

Spock sine råd er enkle: Ven barnet til å sove lenger og trivast i senga si om morgonen. Slå av straumen kvar gong romtemperaturen stig over tjue grader celsius, så blir ikkje barnet så lett forkjølt. Ikkje mas på barn som et lite; mas gjev ikkje matlyst.

Men nokre av Spock sine råd kan ha gått ut på dato. Spesielt gjeld det rådet om å la spedbarnet sove på magen. Seinare forsking har vist at barn som søv på magen lettare kan bli utsett for krybbedød.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]