Benmont Tench

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benmont Tench

Hollywood Bowl, 1. oktober 2010
Fødd7. september 1953 (70 år)
FødestadGainesville i Florida
FødenamnBenjamin Montmorency Tench III
OpphavGainesville i Florida i USA
Aktiv1974 til i dag
SjangerRock, country
Instrumentpiano, orgel, Mellotron, synthesizer, clavinet, trekkspel, gitar, bassgitar, trommer, vokal
Kjende instrumentSteinway Grand piano, Hammond C-3-orgel, Vox Continental-orgel
Tilknytte artistarTom Petty and the Heartbreakers, Mudcrutch, Don Henley, Johnny Cash, Works Progress Administration
Verka somlåtskrivar, pianist, komponist, klaverspelar, musikar

Benjamin Montmorency «Benmont» Tench III (fødd 7. september 1953) er ein USA-amerikansk klaverspelar, mest kjend som medlem av Tom Petty and the Heartbreakers.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Tench vart fødd i Gainesville i Florida, som det andre barnet til Benjamin Montmorency Tench jr. og Mary Catherine McInnis Tench. Faren vart fødd og voks opp i Gainesville, og arbeidde som omreisande dommar. [1]

Tench spelte piano frå tidleg alder. Etter å ha oppdaga musikken til The Beatles slutta han med klassiske pianotimar og fokuserte på rock and roll. Han møtte Tom Petty for første gongen i ein platebutikk i Gainesville då han var 11 år gammal. Petty og Tench spelte i lag i the Sundowners i 1964.[2] Garsjen til familien Tench var ofte øvingslokale, då faren til Benmont var ute på jobb.[3]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Han gjekk på Phillips Exeter Academy, og sidan på Tulane University i New Orleans.[4] Medan han hadde skuleferie såg Tench ein konsert av Mudcrutch, bandet til Petty, som var oppvarmingsband for eit band frå nærleiken i Jacksonville, Lynyrd Skynyrd. Etter konserten spelte han fleire gonger med bandet, før han gjekk attende til skulen. Kort tid etter ringde Petty til Tench, bad han slutte på skulen og bli med i Mudcrutch på full tid. Etter lang tenkjetid gjekk Benmont med på dette, men måtte først overtyde faren om at han hadde ein lovande musikkarriere.[5]

Profesjonell musikar[endre | endre wikiteksten]

Mudcrutch utvikla seg etter kvart til Tom Petty and the Heartbreakers.[6]

Andre band han spelte i var The Apathetics og the MiffMole Band.

I tillegg til å spele piano og Hammondorgel med the Heartbreakers, har Tench òg spelt mykje som studiomusikar, mellom anna for Johnny Cash, U2, Elisa, Stevie Nicks, Lucinda Williams, Sam Phillips, You Am I, Susanna Hoffs, Bob Dylan, Roy Orbison, The Rolling Stones, Don Henley, John Prine, Ringo Starr, John Fogerty, Elvis Costello, Bonnie Raitt, Sheryl Crow, Waylon Jennings, Paul Westerberg, X, Mary Chapin Carpenter, Carlene Carter, The dB's, Alanis Morissette, The Ramones, The Screaming Trees, Warren Zevon, The Tragically Hip, The Divinyls, The Goo Goo Dolls, Green Day, The Cult, The Jayhawks, Dave Rawlings, Fiona Apple, Lone Justice, Sean Watkins, New Found Glory, Tift Merritt, Peter Case, Neil Diamond, Ryan Adams og Powderfinger, og Naughty Sweeties City of Glass. [7]

Songar skrivne av Tench og spelt inn av andre artistar er mellom andre «You Little Thief», som vart ein hit for Feargal Sharkey i 1985, (skriven om forholdet med Maria McKee, som eit svar til songen hennar «A Good Heart») og «Never Be You» (skriven i lag med Petty), som gjekk til topps på countrylista i USA for Rosanne Cash i 1985. Tench har fått to ASCAP-prisar for songane sine: i 1995 for «Stay Forever» (framført av Hal Ketchum) og i 2001 for «Unbreakable Heart» (framført av Jessica Andrews). Desse vart òg spelt inn av Carlene Carter tidleg i 1990-åra. Han skreiv òg songar for Kimmie Rhodes («Play Me A Memory») og Lone Justice («Sweet, Sweet Baby (I'm Falling)»).

I 2008 vart Tench ein del av gruppa The Scrolls, sidan kalla Works Progress Administration (W.P.A.) med Sean Watkins (gitar), Sara Watkins (fele), Glen Phillips (gitar, vokal), Luke Bulla (fele), Greg Leisz (forskjellig), Pete Thomas (trommer) og Davey Faragher (bass). Gruppa gav ut eit album i september 2009.[8]

I 2009 spelte Tench ofte med the Watkins Family Hour. Han har òg spelt med Gillian Welch og David Rawlings, og akkompagnerte Dave Rawlings Machine på delar av turneen deira våren 2010.

I 2014 gav Tench ut det første soloalbumet sitt, You Should Be So Lucky.[9]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Tench gifta seg med modellen Courtney Taylor i 1993. Dei skilde seg i 1999. I 2015 gifta Tench seg opp att med forfattaren Alice Carbone.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Longtime attorney, judge Tench dies». Gainesville.com. Henta 8. mars 2015. 
  2. «Memories of Petty: How songar found way in area». Gainesville.com. 20. september 2006. Henta 8. mars 2015. 
  3. «Garage band memories». Gainesville.com. 12. oktober 2007. Henta 8. mars 2015. 
  4. Doerschuk, Robert L.: «Benmont Tench» Keyboard Magazine, May 1995, pages 26-28
  5. «Bio». Wildbluegator.com. Henta 8. mars 2015. 
  6. «Tom Petty returns to his roots with Mudcrutch». latimes.com. 27. april 2008. Henta 8. mars 2015. 
  7. «From Side Player to Frontman: Benmont Tench on Solo Debut, Playing With Tom Petty and Bob Dylan». The Hollywood Reporter. 25. april 2014. 
  8. «Heartbreakers, Imposters, Nickel Creekers Make The Scrolls». Billboard. Henta 8. mars 2015. 
  9. «Benmont Tench On World Cafe». NPR. 7. mars 2014. 
  10. Benmont & Alice Carbone married yesterday. - Great Wide Open - Mudcrutch Farm, arkivert frå originalen 31. januar 2018, henta 5. november 2018