Benni McCarthy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benni McCarthy
Personleg informasjon
Fullt namn Benedict Saul McCarthy
Fødd 12. november 1977
Fødestad Cape Town
Høgd 183 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
West Ham United
Nummer 17
Ungdomsklubbar
Sør-Afrika Young Pirates
Sør-Afrika Crusaders
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1995-98
1997-99
1999-2003
2002-03
2003-06
2006-10
2010-
Sør-Afrika Seven Stars
Nederland Ajax
Spania Celta Vigo
Portugal Porto (lån)
Portugal Porto
Blackburn Rovers
West Ham United
56 (38)
36 (20)
66 (10)
11 (12)
74 (34)
109 (37)
4 (0)
Landslag
1997- Sør-Afrika Sør-Afrika 78 (32)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 27. mars 2010

Benedict Saul McCarthy (fødd 12. november 1977 i Cape Town) er ein sørafrikansk fotballspelar som har spela for West Ham United i engelsk Premier League, og for landslaget til Sør-Afrika.

McCarthy har vore med på å vinna den nederlandske toppdivisjonen, Eredivisie, med Ajax i 1998, den portugisiske toppdivisjonen med Porto i 2004 og 2006 og den europeiske Meisterligaen med Porto i 2004. Han var toppskårar i den portugisiske toppdivisjonen i 2003/04-sesongen. Han var Blackburn Rovers sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 18 seriemål, og i 2008/09-sesongen med 10 seriemål. Han spelte for landslaget til Sør-Afrika i fotball-VM i 1998 og 2002. Etter den siste meisterskapen sa han nei til vidare landslagsspel, men vende attende til landslaget i 2004, og har no rekorden for flest landslagsmål for Sør-Afrika.