Benny Cristo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benny Cristo
Ben Cristovao - PA235423.jpg
Fødd8. juni 1987 (35 år)
FødestadPlzeň
OpphavTsjekkia
Aktiv2009–
Instrumentvokal
Verka somskodespelar, songar, dansar, programleiar, komponist, skribent

Ben da Silva Cristóvão (fødd 8. juni 1987), best kjend under artistnamnet Benny Cristo eller Ben Cristovao, er ein tsjekkisk dansar, musikar, songar og idrettsmann. Han slo gjennom musikalsk i Tsjekkia i 2009 som finalist i Česko Slovenská SuperStar, og han gav ut debutalbumet Definitely Different i 2010. Cristovao skulle ha representert Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Kemama», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien.[1] Han representerte i staden Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Omaga».[2][3]

Cristóvão har òg konkurrert profesjonelt i brasiliansk jiu-jitsu, og han er ein aktiv snøbrettkøyrar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Cristóvão vart fødd i Plzeň i dåverande Tsjekkoslovakia av ei tsjekkisk mor og ein angolsk far. Frå tidleg alder dreiv han med jujutsu og dans, og som 22-åring i 2009 deltok han i den tsjekkoslovakiske versjonen av Idol, Česko Slovenská Suparstar. Cristóvão enda på ein sjuandeplass i tevlinga, men erfaringa motiverte han til å fokusera ytterlegare på ein karriere innan song. I 2010 gav han ut debutalbumet Definitely Different, med songar som «Give Me Some More» og «Put It on Me». Eit år seinare gav han ut oppfølgjaralbumet Benny Cristo. Han opptredde deretter på konsertar over heile Tsjekkia og Slovakia og samarbeidde med fleire andre tsjekkiske artistar som David Koller, Dan Barta, Michael Kocab og Vojta Dyk. Cristóvão slapp sitt tredje album i 2013, Made in Czechoslovakia.

I 2016 fekk Cristóvão prisen for den mest strøymde tsjekkiske songen under den årlege musikkprisutdelinga Český slavík. Han møtte ikkje sjølv opp i salen, og forklara det med at han ikkje ynskte å vera i same rom som bandet Ortel. Bandet er omstridt for sambandet sitt til det ekstreme høgre og for framandfientlege tekstar og musikkvideoar.[4][5]

I 2017 gav han ut albumet Poslední, og i 2019 EP-en Kontakt med seks songar. Han er kjend for sine spektakulære konsertshow, og i september 2019 halde han sin hittil største konsert, framfor 15 000 menneske i O2 Arena i Praha. I 2018 var Cristóvão dommar i songtevlinga Česko Slovenská Suparstar, og han hadde ei rolle i den tsjekkiske dansefilmen Backstage same år.[6]

Cristóvão har ei stor fanskare i Tsjekkia og Slovakia, og han er blant dei mest populære tsjekkiske artistane på sosiale medium – målt i følgjarar. Per desember 2021 har han rundt 800 000 følgjarar på Instagram. Han mest populære songar per 2020 er «Bomby» (med 24 millionar visingar på YouTube), «Asio» (14 millionar) og «Padam» (24 millionar).[7]

I februar 2020 deltok Cristóvão i den tsjekkiske uttakinga til Eurovision Song Contest med songen «Kemama». Han vann publikumsavrøystinga og vart nummer to hos juryen, og vann finalen samanlagt. Han skulle dimed ha representert Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men på grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest.[8] Dette vart gjort for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19 i Europa. 14. mai 2020 kunngjorde den tsjekkiske kringkastaren Česká televize at Cristóvão i staden skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021.[9][2]

Den tsjekkiske kringkastaren ČT vedtok at Cristóvão skulle få representere landet i Eurovision Song Contest i 2021 i staden. 16. februar 2021 offentleggjorde songaren bidraget «Omaga».[3] Han opptredde i den andre semifinalen torsdag 20. mai i Rotterdam Ahoy, men gjekk ikkje vidare til finalen.[10]

Idrettskarriere[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til den musikalske karrieren, er Cristóvão ein aktiv idrettsmann. Han har tevla profesjonelt innan brasiliansk jiu-jitsu og har turnert verda rundt. 10. september 2016 vann han ein bronsemedalje i mellomvekt (opptil 88 kg) i kvitt belte-klassa under den asiatiske meisterskapen. 20. november 2016 vann han gull i same kategori under den prestisjetunge internasjonale turneringa Madrid Open.[11][12] I 2017 vart Cristóvão tildelt tittelen europeisk meister (kvitt belte) i jiu-jitsu. Han representerer Praha-klubben Jungle BJJ Academy, leia av trenar Fernando Nascimento Araujo.[11]

Cristóvão har òg drive profesjonelt med snøbrett, og vann gull den tsjekkiske cupen 4x4-serien i 2006.[13]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar
Definitely Different
  • Utgjeve: 2010
  • Format: Digital nedlasting
  • Merke: Championship Music
Benny Cristo
  • Utgjeve: 2011
  • Format: Digital nedlasting
  • Merke: Championship Music
Made in Czechoslovakia
  • Utgjeve: 13. mars 2014
  • Format: Digital nedlasting
  • Merke: Championship Music

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar
Poslední
  • Utgjeven: 30. juni 2017
  • Format: Digital nedlasting
  • Merke: Championship Music
Live Ben
  • Utgjeven: 3. mai 2019
  • Format: Digital nedlasting
  • Merke: Championship Music
Kontakt
  • Utgjeven: 28. juni 2019
  • Format: Digital nedlasting
  • Merke: Championship Music

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Another artist returning in 2021: it's Benny Cristo!». 14. mai 2020. Henta 14. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Benny Cristo unleashes ‘omaga’ for the Czech Republic» (på engelsk). 16. februar 2021. Henta 17. februar 2021. 
  4. «Otázky a odpovědi kolem Ortelu: S krajní pravicí spojen je, lebka na košilích nacistická není | Aktuálně.cz» (på tsjekkisk). 5. desember 2016. Henta 4. februar 2020. 
  5. Giebel, Pavel (28. januar 2020). «Představujeme: Benny Cristo» (på tsjekkisk). Henta 4. februar 2020. 
  6. «Ben Cristovao». Henta 4. februar 2020. 
  7. «Benny Cristo wins Czech national selection for Eurovision 2020». eurovision.tv. 3. februar 2020. Henta 4. februar 2020. 
  8. «Czech pop star Benny Cristo headed to Eurovision 2020 - Prague, Czech Republic» (på engelsk). 4. februar 2020. Henta 4. februar 2020. 
  9. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  10. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  11. 11,0 11,1 «Češi se blýskli na mistrovství v jiu jitsu, první zlato má i Ben Cristovao». Henta 4. februar 2020. 
  12. «International Brazilian Jiu-Jitsu Federation -». Henta 4. februar 2020. 
  13. tiscali.cz. «Ben Cristovao - životopis» (på tsjekkisk). Henta 4. februar 2020.