Benny Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Benny Powell
Fødd1. mars 1930
FødestadNew Orleans
Død26. juni 2010 (80 år)
DødsstadNew York by
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumenttrombone
Verka sommusikkpedagog, jazzmusikar

Benny Powell (1. mars 193026. juni 2010) var ein USA-amerikansk jazztrombonist. Han spelte både vanleg (tenor) trombone og basstrombone.[1][2]

Powll kom frå New Orleans og byrja å spele profesjonelt då han var 14 år gammal. 18 år gammal spelte han med Lionel Hampton. I 1951 slutta han i bandet til Hampton og byrja å spele med Count Basie, der han var fram til 1963. Powell speler trombonesolo på mellomspelet på innspelinga til Basie frå 1955 av «April in Paris».[3]

Etter Basie byrja han som frilansmusikar i New York City. Frå 1966 til 1970 var han medlem av Thad Jones-Mel Lewis Jazz Orchestra, og spelte mandagskveldar på Village Vanguard. Han var òg i husbandet til Merv Griffin Show, og då showet flytta til Los Angeles i 1970, følgde Powell etter. Her arbeidde han mykje som studiomusikar, mellom anna for Abdullah Ibrahim, John Carter og Randy Weston. Seinare arbeidde Powell som lærar, særleg i Jazzmobile-prosjektet. Han flytta attende til New York i 1980-åra.

Han døydde på eit sjukehus på Manhattan, 80 år gammal, etter ein ryggoperasjon.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • Coast to Coast (Trident, 1982)
  • The Gift of Love (Faith, 2003)
  • Nextep (Origin, 2008)

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Pepper Adams

Med Gene Ammons

Med Count Basie

Med Donald Byrd

Med Benny Carter

Med John Carter

  • Castles of Ghana (Gramavision, 1986)
  • Dance of the Love Ghosts (Gramavision, 1987)
  • Fields (Gramavision, 1988)
  • Shadows on a Wall [Gramavision, 1989)

Med Buck Clayton

Med Hank Crawford

Med Frank Foster

Med Al Grey

Med Eddie Harris

Med Jimmy Heath

Med Johnny Hodges

Med J.J. Johnson

Med Philly Joe Jones Dameronia

Med Clifford Jordan

Med Bobby Bland og B.B. King

Med Melba Liston

Med Herbie Mann

Med Les McCann

Med David Newman

Med Joe Newman

Med Chico O'Farrill

Med Moacir Santos

Med Frank Wess

Med Randy Weston

  • Spirits of Our Ancestors (spelt inn 1991)
  • Volcano Blues (spelt inn 1993)
  • Saga (spelt inn 1995)
  • Khepera (spelt inn 1998)
  • Spirit! The Power of Music (spelt inn 1999)
  • Live in St. Lucia (spelt inn 2002)

Med Gerald Wilson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Benny PowellAllmusic
  2. New York Times obituary
  3. «Discography». Arkivert frå originalen 2016-03-05. Henta 22. september 2020.