Bent Fabricius-Bjerre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bent Fabricius-Bjerre
Fødd7. desember 1924
FødestadFrederiksberg
AliasBent Fabric, Bert Graves
OpphavDanmark
Aktiv1950–
Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano
PlateselskapAtco Records
Verka somkomponist, pianist, filmmusikkomponist, platebransjesjef, stemmeskodespelar

Bent Fabricius-Bjerre (fødd 7. desember 1924) eller Bent Fabric er ein dansk komponist og musikar. Han har jobba mykje med musikk for film og fjernsyn, særleg for danske, men også norske produksjonar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1962 opplevde Fabricius-Bjerre stor suksess i USA med singelen «Alley Cat», som var skriven som kjenningsmelodi til den danske fjernsynsserien Omkring et flygel, som Fabricius-Bjerre var vert for.[1] Fabricius-Bjerre vart lansert under namnet Bent Fabric and His Piano med ei oppdikta historie om dei to kattane hans, som skulle ha inspirert han til melodien og dermed til tittelen. Sanninga var derimot at plateselskapet ikkje tykte at «Around the Piano» var ein høveleg tittel. «Alley Cat» gjekk inn som #7 på den prestisjefylde hitlista Billboard Hot 100, og i 1962 vann han ein amerikansk Grammy for komposisjonen i kategorien for beste rock and roll-innspeling.[2] Låta var inkludert på eit album med same namn som kom ut i 1962.

Fabricius-Bjerre har blant anna skrive musikken til tv-seriar og filmar som Olsenbanden. Det er han som har komponert dixielandtemaet til filmane som vert spelt av Papa Bues Viking Jazzband. Olsenbanden er namnet på to ulike filmseriar, ein dansk og ein norsk, og Fabricius-Bjerre står bak musikken i begge. I tillegg har han m.a. laga musikken til fjernsynsserien Matador, og Flåklypa Grand Prix.[3]

I 2004 gjenoppliva Fabricius-Bjerre kunstnarnamnet Bent Fabric og gav ut popalbummet Jukebox, som var skrive og produsert av m.a. Remee og Infernal. Her samarbeider han med yngre artistar som Søren Rasted i Aqua med å laga nye versjonar av ein del av melodiane sine.[4]

I 1996 vart han kåra til Ridder av Dannebrog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]