Bente Bratlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bente Bratlund
Bente Bratlund.JPG
Nasjonalitet Norsk
Fødd 12. mars 1952 (66 år)
i Bergen
Yrke Forfattar
Periode 1977-
Debut Lukkelege båt
Nettstad www.bentebratlund.no

Bente Bratlund (fødd 12. mars 1952) er ein norsk barnebokforfattar frå i Os i Hordaland.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bente Bratlund voks opp på eit småbruk i Os, tok lærarutdanning på Stord lærarskule, og studerte sidan eitt år drama i Bergen. Ho busette seg deretter i Os, arbeidde som lærar i ungdomsskulen, og var også eit år journalist i ei lokalavis. Sidan 1992 har ho vore forfattar på heiltid. Bratlund har jobba som rettleiar på Høgskolen i Bergen, samt vore rettleiar for tilsette ved Haukeland Universitetssjukehus på avdelinga for barne- og ungdomspsykiatri. I tillegg har ho hatt skrivekurs innan prosjektet "Kultur og psykiatri" i Bergen kommune, og hatt skrivekurs på Støttesenteret mot Incest i Hordaland. Ho reiser også på skulevitjingar.

Bente Bratlund var i mange år gift med kunstnaren og skulptøren Arne Mæland. Dei to dreiv Galleri Solbakkestova i Os, og har to vaksne born saman. Bente Bratlund er no gift opp att med fotografen Einar Søberg, som har illustrert fleire av bøkene hennar. Ho er no busett på Reinsvoll i Vestre Toten kommune i Oppland.

Tidlegare har Bente Bratlund også gjeve ut bøker under namnet Bente Bratlund Mæland. Ho har skrive flest barnebøker på nynorsk, og seier sjølv at nynorsk er pulsslaget hennar.[1]

I 2007 fekk ho Ordknappen for barneboka Vi gir oss aldri.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Lukkelege båt – Dikt, 1977
  • Kvifor, Pål? – Ungdomsbok, 1982
  • Lengt – Dikt, 1983
  • Alltid ein Kristian – Ungdomsbok, 1983
  • Dei kallar meg kvisa – Ungdomsbok, 1984
  • Morten på leit – Ungdomsbok, 1985
  • Martins opprør – Ungdomsbok, 1986
  • Naken mot lyset – Dikt, 1986
  • Likevel – Ungdomsbok, 1987
  • Når det blør – Roman, 1989
  • Spring, Marit! – Ungdomsbok, 1990
  • Restar av eit liv – Roman, 1991
  • Porselenshunden – Roman, 1992
  • Nei, ikkje Lasse – Ungdomsbok, 1993
  • Liv – Ungdomsbok, 1995
  • Barnet – Roman, 1995
  • Elsk meg bort, elsk meg heim – Roman, 1997
  • Vennskapsprøven – Ungdomsbok, 1997
  • Sviket – Ungdomsbok, 1999
  • Ikkje eit ord – Barnebok, 2001
  • Tid er det nok av – Barnebok, 2002
  • Ei stjerne i hjarta – Ungdomsbok, 2003
  • Kanskje måndag kveld – Barnebok, 2004
  • Heilt passeleg vill – Barnebok, 2005
  • Kvar er Lurven? – Barnebok, 2006
  • Vi gir oss aldri - Barnebok, 2007
  • Eg spør! Eg tør? - Barnebok, 2008
  • Bentes krummelurer : hverdagsbetraktninger - 2008
  • Varme hjarte - Dikt, 2009
  • Eg er her - Barnebok, 2009
  • Besatt av demoner - 2010
  • Mons Marius er ei løve - Barnebok, 2010
  • Svart fugl - Lettlesen krimroman, 2010
  • Operasjon hemmeleg / Slange i paradis - Barnebok, 2011
  • Bebe - Barnebok, 2011
  • Livet er så nært - Dikt, 2011
  • Plukka gleder - Dikt, 2012
  • Du lærte meg kjærlighet - Dikt, 2012
  • Hanna & Emma 3 - Barnebok, 2012
  • Bebe 2 : ingen ting som før - Barnebok, 2012
  • Berre venner ; Listig plan - Barnebok, 2012
  • Surare enn sitron ; Hemmeleg gjest - Barnebok, 2013
  • Bebe 3: Den einaste som veit - Barnebok, 2013

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. [Vårt Land, 29.05.12: Lås ikkje framtida]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]