Bentley Subglacial Trench
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bentley Subglacial Trench | |||
dal | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | |||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Bentley Subglacial Trench | |||
Bentley Subglacial Trench er ei omfattande grop under isen i Marie Byrd Land i Vest-Antarktis. Ho ligg 2555 meter under havnivå og er det lågaste punktet på jordoverflata som ikkje er dekt av havet, sjølv om ho er dekt av is.[1] Folk flest reknar ikkje dette som det lågastliggande punktet på jorda, sidan det omfattande isdekket i røydna gjer gropa til underjordisk. I tillegg ville området ha lagt under vatn om isen smelta. Gropa dekkjer eit område som er omtrent like stort som Mexico.
Gropa vart namngjeven i 1961 etter Charles R. Bentley som var ein geofysikar som leia fleire forskingsekspedisjonar i Vest-Antarktis i 1957-59 som førte til oppdaginga av gropa.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bentley Subglacial Trench» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Central Intelligence Agency, World Factbook. [1] Henta 28. oktober 2008.
- MapPlanet, [2], Henta 28. oktober 2008.