Ber Borochov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ber Borochov
Ber Borochov.jpg
Fødd 3. juli 1881
Zolotonosja
Død

17. desember 1917
Kiev

Ber Borochov på Commons

Dov Ber Borochov (3. juli 188117. desember 1917) var ein marxistisk sionist og ein av grunnleggjarane av den sionistiske arbeidarrørsla, men også av den jiddische filologia.

Han var fødd i det russiske imperiet (idag Ukraina), og slutta seg til Russlands Sosialdemokratiske Arbeidarparti, men vart ekskludert for dei sionistiske synspunkta sine. Etter det var han med å skipe Poale Sion, og arbeidde for dei i fleire land. Etter marsrevolusjonen i Russland vende han attende dit, for å leie Poale Sion (Poale Sion vart seinare kløyvd i ein høgre- og ein venstrefraksjon, som har utvikla seg til dei moderne israelske partia Avoda og Meretz). Borochov vart sjuk av lungebetennelse og døydde i desember 1917.

Borochov er rekna som ein av fedrane til den sosialistiske sionismen. Borochov var svært viktig i sionistrørsla. Han analyserte mellom anna jødane sin situasjon i Europa, og meinte dei ville bli tvinga til å emigrere til Palestina. Eit nøkkel-element i Borochov sin ideologi var at han meinte jødiske og arabiske arbeidarar hadde dei same klasseinteressene og kunne stå saman i klassekampen i Palestina, og meinte det måtte vere plass til både jødar og arabarar i landet, slik at dei kunne leve saman i fred.

Medan dei fleste sionistane såg negativt på jiddisch og ville erstatte det med hebraisk, var Borochov ein ihuga tilhengar av jiddisch, og skreiv mykje om kor viktig dette språket var. Han blir rekna som ein av grunnleggjarane av moderne jiddisch-studium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]