Berchtesgaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berchtesgaden med fjellmassivet Watzmann
Berchtesgaden sett frå Kehlsteinhaus

Berchtesgaden er ein by i delstaten Bayern i det sørlege Tyskland. Byen ligg i distriktet Berchtesgadener Land, like ved nær grensa til Austerrike, rundt 30 km sør for Salzburg og 180 km søraust for München. Kommunen dekker eit areal på 35,6 km² og har om lag 7 700 ibuarar.

Byen ligg 572 meter over havet ved foten av det 2 713 moh høge fjellet Watzmann, den tredje høgste fjelltoppen i Tyskland. Den populære utsikststaden Kehlsteinhaus (Ørnereiret) ligg på det mykje lågare Kehlstein-fjellet (1 835 moh), gjev ei spektakulær utsikt for besøkande. Kehlsteinhaus var ein del av Adolf Hitler sitt Berghofkompleks.

Berchtesgaden var inntil 1802 sete for eit fyrsteprosti. Saman med nabolandsbyane var Berchtesgaden då ein delvis sjølvstendig geistleg stat i Det tysk-romerske riket.

Mellom 1868 og 1900 budde dei norske forfattarane Henrik Ibsen og Jonas Lie i opptil mange somrar i Berchtesgaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]