Berekraftig skogbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hogst av bøkeskog i Kopaonik nasjonalpark i Serbia. Skogbruk i verna område bør vera berekraftig.

Berekraftig skogbruk er eit skogbruk der skogen vert forvalta med omsyn til at grunnlaget for vedvarande bruk av skogen og skogressursane vert teke vare på.

Det kan innebere at skogen skal skjøttast slik at framtidige generasjonar kan hogge like mykje tømmer som vi gjer i dag, at vilkåra for å utøve friluftsliv ikkje vert redusert og at det bilogiske mangfaldet vert teke vare på.

Prinsippet om ei berekraftig utvikling er omtalt i rapporten til Brundtland-kommisjonen, og definert som ei utvikling som tilfredsstiller behova til dagens generasjon utan å øydeleggje høvet for komande generasjonar til å få dekt sine behov.

Målet om eit berekraftig skogbruk er lovfesta i formålsparagrafen til skoglova. Departementet har òg utarbeidd ei eiga forskrift om berekraftig skogbruk.

Gjennom prosjektet Levende Skog er det sett ein standard for eit berekraftig norsk skogbruk med 25 kravpunkt som til saman dekker område og tiltak ein skal ta omsyn til ved utøving av skogbruk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]