Berengaria av Portugal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berengaria av Portugal
D. Berengária de Portugal, Rainha Consorte da Dinamarca - The Portuguese Genealogy (Genealogia dos Reis de Portugal).png
Fødd1198
Coimbra
Død27. mars 1221
Ringsted
Alle titlarDanmarks monark
Hus eller slektdet burgundiske dynasti i Portugal
GravstadSt. Bendts kirke
LandDanmark
MorDulce av Aragon
FarSancho I av Portugal
EktefelleValdemar II av Danmark
BarnErik Plogpenning, Abel av Danmark, Kristoffer I av Danmark, Sophie av Danmark

Berengaria eller Bengerd (fødd ca, 1197 i Portugal, død 27. mars 1221 i Danmark) var dronning av Danmark frå 1214 og til ho døydde. Namnet hennar er ei latinisert utgåve av det portugisiske namnet Berenguela. I Rydårbogen blir ho kalla Bringenilæ; andre stadar Bengierdt og liknande former.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dronning Berengaria og Valdemar Siger.
Gipsavstøyping av dronning Berengaria sitt kranium frå grava i Skt. Bendts kyrkje i Ringsted.

Ho var det tiande barnet til den portugisiske kongen Sancho I og Dulce av Aragon. Mor hennar døydde allereie i 1198 og faren hennar i 1212; men allereie i 1211 hadde bror hennar bror Alfons II tilrana seg kongemakta, og freista så å ta frå syskena sine arva deira. Dette er kanskje grunnen til at Berengaria kom til Flandern, der ein annan bror, Ferrando eller Ferdinand, var blitt greve gjennom eit ekteskap arrangert av kong Filip II av Frankrike.[1]

Dronning av Danmark[endre | endre wikiteksten]

Berengaria blei presentert for kong Valdemar Siger gjennom søstera hans, Ingeborg, som hadde vore gift med kong Filip II ei kort tid før han støytte henne frå seg. Berengaria blei gift med Valdemar Siger i mai 1214. Bryllaupet deira er omtalt i ei nederlandsk kjelde, Reineri Annales.[2] I Valdemarårbogen blir ho i samband med dette høvet kalla «syster av grev Ferrando av Flandern». Ekteskapet blei nok arrangert som eit trekk i det diplomatiske spelet til greven, som allierte seg med kong Johan av England og keisar Otto IV av Tyskland mot den franske kongen (som ellers hadde hjelpt han til makta i Flandern) og også ønskte stønad frå Danmark. Omfanget av morgongåva til Berengaria er ukjend; men ho blei stadfesta av pavane Innocens III og Honorius III, noko som var uvanleg.[1]

I eit kongeleg diplom gjeve ut på kongsgarden på Samsø i 1216 opptrer Berengaria som brevvitne. Ved lauskjøpinga av Valdemar og dn eldste sonen hans, Valdemar den unge, frå fangenskapet på Lyø i 1225 - altså etter at ho hadde døydd - var ein del av løysesummen «alt det guld, som havde hørt til dronningens pryd, med undtagelse af kronen, og det hun før sin død havde givet kirker og klostre».[3] Dermed er Berengaria den første danske dronning ein har omtale av krona for.[1]

Det var truleg på grunn av eit ønske om å ta vare på tilknytinga til Portugal som fekk Valdemar Siger som enkemann til å arrangera eit ekteskap mellom Valdemar den unge og Berengaria si brordotter Eleonore av Portugal, dottera til Alfonso II. Som fastera si døydde Eleonore i barsel og blei gravlagd under det same kyrkjegolvet i Ringsted.[4]

Barn[endre | endre wikiteksten]

Berengaria fekk tre søner som alle blei kongar av Danmark, og ei dotter:

  • Erik (1216-50), konge 1241-50
  • Sofia (1217-47), gift med markgreven af Brandenburg, Johan 1. (1213-66)
  • Abel (1218-52), konge 1250-52
  • Christoffer (1219-59), konge 1252-59

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Dronning Berengarias fletning frå graven i Skt. Bendts Kyrkje i Ringsted.

Berengaria skal ha døydd i barselseng nett som føregangaren sin, Dagmar. Ho ligg gravlagd i Skt. Bendts kyrkje i Ringsted. Ho hadde ry på seg for å vera sær vakker. Då kong Frederik VII i 1855 fekk opna graven hennar, fann ein henne forstyrra; i grava låg skjelettet av ei kring 160 cm høg kvinne; nokre silketøy og fletta hennar. Anatomiprofessor Ib Pedersen, som var med på opninga, blei så begeistra over skallen til Berengaria med heilt feilfrie tannrekker at han fekk løyve av kongen til å ta ei gipsavstøyping. Ein kan sjå avstøypinga i Skt. Bendts kyrkje.

Soga om Bengerd[endre | endre wikiteksten]

I seinare danske folkeviser blei Berengaria skildra som stolt, hard og vond; ein sann motsetnad til Valdemar su første dronning, Dagmar, som på dødsleiet sitt ifølgje folkevisa rådde mannen sin frå å ekta Berengaria, for "hun er så besk en blomme".

Folkevisene kalla Berengaria ven, modig og djerv, men òg grisk, hard og forfengeleg. Ho skal ha gjort krav på Samsø i morgongåve. og ei gullkrone frå kvar adelsjomfru ved hoffet. Ifølgje folkevisene forlangte Berengaria av adelege fruer at dei ikkje måtte bera skarlak, og at bønder ikkje måtte ri til hest.

Folkevisa lèt henne døy under krigsferd med kongen, der ho blir det første offeret – og kongen seinare vinn ein herleg siger:

Og nu ligger Bengerd i evig Uro,
enden (endelig) haver Bonden Hest og Ko.
Men ilde er hørt fru Bengerds Navn,
for hun var ikke på Menigmands Gavn."

Kjelder[endre | endre wikiteksten]