Bererakett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Apollo 15 på veg til månen med ein Saturn V bererakett.

Bererakettar er store, kraftige rakettar med to eller tre trinn som fraktar romfarkostar opp i verdsrommet.

Oppskyting[endre | endre wikiteksten]

Alle moderne bererakettar består av to eller tre trinn, som vert fråkopla etterkvart som drivstofftankane går tomme. Trinna er som regel stabla i høgda, men det er og vanleg at det første trinnet har hjelpemotorar eller hjelpetrinn påspent på sida. Desse tenner samtidig med kjernetrinnet/1.trinnet, men brenn ut og koplast frå undervegs.

Ferda opp til bane rundt jorda tek om lag 10 minutt. Bereraketten vert kasta av når den er tom for drivstoff og vert berre brukt ein gong. Det er berre romferja som har gjenvinnbare rakettar som kan nyttast om igjen.

Bererakettar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange typar bererakettar, dei fleste finst i fleire variantar, gjerne som heile ”familiar”. Dei fleste bererakettane er vidareutvikla modellar av interkontinentale rakettvåpen (ICBM), opphavleg meint til å sende atomladningar mot fiendar på andre sida av kloden.

Dei viktigaste bererakettane, eller bererakettfamiliane som er i bruk i dag er: