Berezniki
| Berezniki | |||
| Березники | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Perm kraj | ||
| Høgd | 130 m | ||
| Areal | 66 km² | ||
| Folketal | 132 841 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1932 | ||
| Postnummer | 618400–618426 | ||
| Retningsnummer | (+7) 34242 | ||
![]() Berezniki 59°25′00″N 56°47′00″E / 59.416666666667°N 56.783333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Berezniki | |||
Berezniki (russisk Березники́) er ein by i Perm kraj i Russland. Han ligg ved elva Kama, rundt 160 km nord for Perm. Byen har om lag 130 000 innbyggjarar og er med det den nest største byen i Perm kraj.
Han vart grunnlagt i 1932 under den raske veksten til sovjetisk industri under Josef Stalin. Namnet Berezniki kjem frå ein bjørkeskog som låg der byen ligg i dag.
Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 fall innbyggjartalet i byen frå 220 000 til rundt 190 000 på grunn av aukande arbeidsløyse. Men dei viktigaste industriane i byen klarte likevel å halde seg på sporet. I byen ligg kjemisk industri som titan- og natriumfabrikkar, og fleire store kaliumkarbonat-gruver er i drift rundt Berezniki.
Sjølv om industriverksemdene forureiner ganske kraftig, så er naturmiljøet rundt byen vakkert og unikt på mange måtar. Det er vanleg at ville dyr kryssar gater i utkanten av byen. Skogar og innsjøar er enno reine og fredelege. Mange naturelskarar frå heile Russland kjem hit for vandreturar og ekspedisjonar.
Den første presidenten i Russland, Boris Jeltsin, budde og gjekk på skule i Berezniki.
Berezniki lufthamn ligg 20 km nord for byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Berezniki» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2008.
