Berg kyrkje i Vestfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berg kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Periode Mellomalderen
Innvigd 1300-talet (truleg)
 - Endringar Forsvunnen, truleg lagd ned på 1500-talet
Kyrkjegard Nei
Altartavle Delar av gamal altartavle framleis i Vestfossen
Kart
Berg kyrkje
59°44′59″N 9°52′53″E / 59.749754°N 9.881354°E / 59.749754; 9.881354

Berg kyrkje var ei kyrkje i mellomalderen som stod i Vestfossen i Øvre Eiker kommune i Buskerud fylke.

Kyrkja vart omtala på slutten av 1300-talet, og var då ei soknekyrkje. Seinare vart ho lagd under Haug sokn, og dermed vart ho redusert frå kyrkje til kapell, og bruken avtok. Gudsteneste vart halde berre to–tre gongar i året. Kyrkja forfall etter kvart, og på slutten av 1500-talet vart ho omtala som «plat ødelagt, nedbrot i grunden».[1]

Det er truleg altartavla frå Berg som vart brukt i Haug kyrkje, og som vart skadd i brannen der i 1818. Men altartavla overlevde og vart brukt i Vestfossen kapell frå 1902. Ho vart restaurert i 1987.[2] Seinare er ho overført til Vestfossen kyrkje.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Øvre Eiker Kulturminneråd – Altertavle fra middelalderen i Vestfossen kapell». Arkivert frå originalen 9. januar 2009. Henta 19. februar 2011. 
  2. «Eiker Leksikon – Vestfossen Kapell ». Arkivert frå originalen 16. juni 2009. Henta 19. februar 2011. 
  3. Vestfossen kirke på Kunsthistorie.com.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]