Bergchirurgus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergchirurgus var ein person som i eldre tid var tilsett ved ei gruve, for å lækja skadar som sår, knuste lemmar osb. Bergchirurgus utførte i grove trekk dei same oppgåvene som ein feltskjær,[1] og nokre fungerte ofte som feltskjær i krigstid. Mange hadde nok lært handverket i samband med krigshandlingar. Tittelen bergchirurgus var i bruk ved Kongsberg Sølvverk og Røros koparverk.[treng kjelde] Løna til bergchirurgus kom delvis frå bekkenpengar og delvis frå koppar- eller sølvverket, ved at bergchirurgus fekk betalt for tenestene sine.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]