Berge Kringlebotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Berge Helle Kringlebotn (22. januar 190419. august 1992) var ein norsk gardbrukar og politikar, stortingsrepresentant 1961-65 frå Aust-Agder og for partiet Venstre.

Far til Kringlebotn var styrar av landbruksskulen i Tune i Østfold. Sjølv dreiv han gard i Flosta i Aust-Agder til 1939, der han frå 1926 også var heradskasserar og frå 1929 i tillegg likningssekretær. År 1939 braut han med desse stillingane og jordbruket, då han fekk lensmann-jobben i Dybvåg og Flosta. Han var avsett i 1943, men fekk tilbake stillinga i 1945. I 1948 flytta han til Søndeled og var lensmann der til 1973. Desse 25 åra var han i tillegg namnsmann, branntakstmann og bidragsfut i Risør kommune. I tida 1950-61 var han formann i forliksrådet i Søndeled.

Kringlebotn var heradsstyremedlem 1937-40 i Flosta og 1952-59 i Søndeled. Han var søndagsskulelærar i Flosta frå 1944 til han flytta til Søndeled, der han heldt fram i søndagsskulen til han runda 80 år i 1984. Elles var han leiar 1949-61 i Ytre Søndeled sokneråd og 1955-78 soknepresten sin medhjelpar. Kringlebotn var òg styreformann 1951-71 for Aust-Agder husflidsskole for kvinner og formann 1957-63 i Aust-Agder lensmannslag.

I 1961 vart Kringlebotn vald til å representere Venstre i Aust-Agder på [[Stortinget]9. Fireårsperioden 1961-65 var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]