Berge på Fedje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berge
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Berge (uttale bærje) er ein gard nordaust på Fedje, på nordvestsida av Rognsvåg, aust for Tangane.

Skrivemåten har variert mellom Berge og Berget, men frå starten av vart garden kalla Ingeborgplassen. Dette var truleg etter ei Ingeborg som var med og rydda han. Dette tidlege namnet vart nytta oppover i matrikkelen, men i kyrkjebøkene vart alltid Berget nytta.

Plassen er av dei yngre på Fedje og vart nemnd første gong i matrikkelen i 1665, der det står om Ingeborgplassen at han «ligger gandske øde og ubebygd». Namnet Berge kjem truleg av at det er berglendt her, og dette var igjen truleg årsaka til at garden vart rydda så seint.

Berge har heile tida vore drive som eitt bruk, bortsett frå ein periode frå 1815 til 1834 då det var to bruk her. På 1900-talet vart det frådelt to tomter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.