Bergen Air Transport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergen Air Transport


Skipa1998
HovudkontorBergen
LandNoreg
TenesterCessna 421, Cessna 441, Beechcraft King Air 200
Nettstadhttp://www.bergenair.no/

Bergen Air Transport er eit norsk flyselskap med hovudbase på Bergen lufthamn, Flesland. Det vart skipa i 1998. Selskapet opererte fram til 24. april 2017 flyrute mellom Bergen og Notodden lufthamn, i tillegg til charteroperasjonar og frakt. Selskapet har i dag ingen fly, og driv i staden «konsulent tjenester, opprettholdelse av god service til gamle kunder, utleie av hangar og videreformidling av fly.»[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bergen Air Transport vart etablert i 1998, og starta flygingar året etter. Dei fyrste operasjonane vart utførte med eit Cessna 421B-fly, men i 2000 vart dette erstatta med ein Cessna 421C som kunne frakta 6 passasjerar. Dette gjorde at selskapet kunne frakta passasjerar på ruta Bergen-Notodden.[2] I 2000 hadde selskapet 11 årsverk og ein omsetnad på 2,6 millionar kroner.

Ruta Bergen–Notodden vart i byrjinga operert fire gongar kvar vekentleg, men auka året etter til fem. Totalt reiste 1 500 passasjerar med selskapet dette året. I 2002 la selskapet fram planar om å etablera ei ny rute frå Notodden til Kristiansund. Desse planane vart skrinlagd grunna lita interesse for ruta.

Ein hangar for Bergen Air Transport vart bygd på Bergen lufthamn i 2003. Året etter vart eut av flya til selskapet erstatta med ein Cessna 441. Dette flyet vart igjen seld i 2006 då selskapet gjekk til innkjøp av to Beech King Air 200.

Den 20. november 2003 vart Notodden lufthamn stengd for all rutetrafikk, då flyplassen ikkje tilfredsstilte Tryggleikskravet til [[Luftfartstilsynet. Ruta vart då omlagt til Skien lufthamn, Geiteryggen. Selskapet investerte 500 000 kroner i utbetringa av Notodden lufthamn, og saman med bidraget til lokalsamfunnet på 1,2 millionar kroner var det nok til å rusta opp lufthamna, slik at selskapet enno kunne fly der.[3] Men det skulle berre gå eitt år før det oppstod nye problem med drifta til selskapet på Notodden. Lufthamna mangla innflygingslys, og ytterlegare 200 000 kroner måtte investerast i lufthamna for at selskapet skulle kunna halda fram drift.[4]

I 2007 bygde selskapet ein hangar på Notodden lufthamn. Samstundes gjekk selskapet til innkjøp av sit første jetfly, ein Cessna Citation. Frekvensen på ruta Bergen-Notodden auka dette året til seks i veka.

Selskapet opererte på det meste tre fly; to 12-seters turbopropfly av typen Beech King Air 200, og éin 6-seters jet av typen Cessna Citation CJ2+. Selskapet hadde 10 tilsette. Forutan å betena ruta Bergen-Notodden, fokuserte selskapet på airtaxi/charterflygingar og gjorde i 2013 over 200 oppdrag til og frå destinasjonar i heile Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kundereferanse | - Fra fotballsupportere til kongelige», Vangdal Regnskap AS (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 8. oktober 2019, henta 8. oktober 2019 
  2. «Historie». Arkivert frå originalen 25. oktober 2011. 
  3. «Fortsatt rutefly fra Notodden Lufthavn», www.ta.no (på norsk), 8. januar 2004, henta 8. oktober 2019 
  4. «Tretten lys til 200 000 kroner». varden.no. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]