Bergen Billedgalleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergen Billedgalleri er ei stor samling biletkunst i Bergen Kunstmuseum. Samlinga omfattar fleire hovudverk innan norsk målarkunst, eldre europeiske kunstskattar og ny internasjonal kunst.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bergen Billedgalleri blei oppretta i 1878 som en kommunal institusjon. Samlingane var då ein del av Bergen Museum, og blei vist i en bygning på Engen. I 1896 blei samlinga flytta til Den permanente Utstillingsbygning, også kalla «Permanenten». Denne bygningen blei overtatt av kommunen i 1908. I 1935 flytta galleriet endeleg inn i det nye bygget ved Lille Lungegårdsvann. I 1989 blei Bergen Billedgalleri ein del av Bergen Kunstmuseum. Etter nokre organisatoriske omleggingar blei store delar av bygningsmassen til Bergen Lysverker ledig. Det meste av dette blei ominnreia og er no blitt hovudbygg for museet. Bygningen er no ein del av KODE Kunstmuseene i Bergen som KODE 4.[1]

Etter denne omlegginga blei Permanenten frigjort til berre å vera kunstindustrimuseum.

Bergen Kunstmuseum består av Stenersen-samlingen, Rasmus Meyers samling og Bergen billedgalleri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «..Kode 4 | KODE...», kodebergen.no, henta 26. januar 2020 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]