Bergen Filharmoniske Orkester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) er eit symfoniorkester i Bergen som kan føra historia si heilt tilbake til 1765. Orkesteret held til i Grieghallen, og noverande sjefdirigent er Andrew Litton.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1765 vart Musikselskabet Harmonien skipa av rektor Jens Boalth og forfattaren Claus Fasting; orkesteret gjekk under namnet Musikselskabet Harmoniens Orkester. Harmonien er det eldste musikkselskapet i Noreg. Opphavleg dreiv det frivillige selskapet med vokal- og instrumentalmusikk ved å framføra kantatar på kongelege festdagar, kyrkjemusikk ved høve, og ein sjeldan gong musikkdramatikk. I 1793 vart Det dramatiske selskap skipa, og Harmonien samarbeidde med dette heretter.

På attenhundretalet var musikalske storleikar som Ole Bull, Edvard Grieg og Johan Halvorsen alle i leiarposisjonar i orkesteret. Sidan Harmonien vart reorganisert i 1856, har orkesteret hatt ei særstilling i musikkmiljøet i Bergen.

I 1919 oppretta Harmonien eit fast orkester på 40 musikarar, og ein kraftig auke i konsertar, m.a. på Den Nationale Scene. I 1978 fekk orkesteret Grieghallen som fast base, og i 1987 skifte det namn til det noverande Bergen Filharmoniske Orkester. Orkesteret er i dag statsfinansiert, og Bergen Filharmoniske Kor er fast tilknytt orkesteret. Det består i dag av 98 musikarar [1], har om lag 80 konsertar i året, og har gjort ei rekkje plateinnspelingar.

Faste dirigentar[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]