Bergen kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergen kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Bergen
Areal 464,71 km²
 - land 445,13 km²
 - vatn 19,58 km²
Folketal 291 940  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Marit Warncke (H)
 - Byrådsleiar Christine B. Meyer (H)
Kommunenr. 4601
Kart
Bergen kommune
60°23′33″ N 5°19′24″ E
Nettstad: www.bergen.kommune.no

Bergen kommune er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen vert styrt etter prinsippet om byparlamentarisme, med eit byråd som utøvande organ. Administrasjonssenteret i kommunen er byen Bergen, som òg er eitt av seta for fylkesmannen i Vestland fylke, og for administrasjonen i Vestland fylkeskommune.

Kommunen fekk sine noverande grenser i 1972, då kommunane Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart slegne saman til storkommunen Bergen. Samstundes vart Bergen, som fram til då var eit eige fylke, innlemma i Hordaland fylke.

Bergen kommune i dag ligg på Bergenshalvøya saman med Bjørnafjorden kommune. Bergenshalvøya er knytt til resten av fastlandet via kommunane Vaksdal og Samnanger. Via fjordar har Bergen også grenser til fleire andre kommunar i Vestland[1] fylke: Austevoll, Øygarden, Askøy, Alver og Osterøy.

Kommunen er med 000000000291940.0000000000291 940 innbyggjarar den nest mest folkerike i Noreg. Handel, skipsfart, verkstadsindustri og offentleg administrasjon har tradisjonelt vore dei viktigaste næringane i Bergen. I dei siste tiåra har petroleumsrelatert verksemd også vorte ei viktig næring.

Namnet «Bergen» kjem av norrønt Bergvin/Bjǫrgvin, av berg eller bjǫrg, 'berg', og vin, 'eng', slik at namnet kan tolkasttil 'den grønn enga mellom fjella'. Dei eldste delane av byen finn ein i Vågsbunnen og mot Holmen, det vil seia det området som i dag heiter høvesvis Bryggen og Bergenhus.

Kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet vart godkjent 1924 og har ei sølv borg på gull fjellgrunn mot raud bakgrunn. Våpenet har røter attende til 1200-talet. Det var opphavleg eit dobbeltsegl; framsida viste eit langskip med drakehovud på stamnane, medan baksida viste ei borg med mur rundt på eit tredelt fjell. Det er motivet på baksida som er ført vidare i den moderne utgåva. På 1400-taet fekk kommunen eit nytt segl, basert på baksida av det eldste seglet, men med nokre forandringar. Fjellet under borga vart mellom anna danna om til sju kuler for sju fjell. Først i nyare tid vart den gamle borgtypen ført inn att, men den sjuldelte fjellgrunnen vart teken med vidare. Dei noverande fargane vart stadfesta i 1924.

Byflagget vart godkjent 1924 og har kommunevåpenet på ein kvit flaggduk. Flagget har ein raud kant rundt dei tre frie sidene på flagget.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bergen sentrum kring Vågen, sett frå fjellet Fløien.

Kommunen Bergen har sjøgrenser mot kommunane Austevoll, Øygarden, Askøy, Alver og Osterøy. På land grensar kommunen til Vaksdal, Samnanger og Bjørnafjorden.

Landskapet er svært kupert med lite samanhengande lågland, og både bykjernen og bydelane er omgjevne av fjell og sjø. 50 % av arealet ligg høgare enn 160 meter over havet. 40 % av arealet er dekt av skog, 23,3 % av tettbebygging, 4,4 % av ferskvatn og 3,5 % av dyrka mark. Det høgaste punktet i kommunen er Gullfjelltoppen på 987 moh., som ligg på grensa mot Samnanger i aust.[2] Berggrunnen består for det meste av kaledonske skyvedekkje med prekambriske bergartar og enkelte skyvedekke med kambrosilurske grønsteinar.[3]

Kommunearealet kan grovt inndelast på følgjande måte: I aust ligg fjellmassivet Gullfjellet. Vest for dette ligg Arnadalen, og vest for Arnadalen ligg dei austlege Byfjellene, som strekkjer seg frå halvøya Åsane i nord til Fana i sør. Vest for desse ligg Bergensdalen, og vest for denne igjen ligg dei vestlege byfjella. Alle desse formasjonane er orienterte i nordvestleg retning. I den sørlege delen av Bergensdalen ligg Nordåsvannet, som er forbunde med Sælenvannet og med Grimstadfjorden i vest. Nord for Grimstadfjorden ligg områda Fyllingsdalen og Loddefjord, avgrensa av dei vestlege byfjellene i aust, av Raunefjorden i vest, og av Byfjorden i nord. Sør for Grimstadfjorden ligg Ytrebygda som er avgrensa av Fanafjorden i sør, og austom denne ligg Kalandsvannet. Mellom Fanafjorden og Lysefjorden lenger sør ligg Fanafjellet, alle i aust-vestleg retning.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

  • Arna: mot aust, innlemma i 1972.
  • Bergenhus: sentrum med Nygårdshøyden, Sandviken og Kalfaret. Bergen by før samanslutninga med Årstad i 1916.
  • Fana: mot sør, innlemma i 1972.
  • Fyllingsdalen: sørvest for sentrum, overført i 1955 frå Fana.
  • Laksevåg: mot vest, innlemma i 1972.
  • Ytrebygda: mot sør, innlemma som del av Fana i 1971.
  • Årstad: sør for sentrum, innlemma i 1916.
  • Åsane: mot nord, innlemma i 1972.

Bergen er delt inn i 8 bydelar. I 1973 vart kommunen delt inn i 20 bydelar. Talet vart redusert til 12 i 1988 og frå 1. januar 2000 har inndelinga som no er med 8 bydelar vore gjeldande. Rolla til bydelsutvala har vore gjenstand for drøfting, røyne og endringar gjennom åra, og bydelsstyra vart avvikla frå 1. januar 2011.

Bydelane Åsane og Arna har identiske grenser med kommunane med same namna som vart innlemma i 1972. Det same gjeld Laksevåg, med unnatak av at ein liten del av Gyldenpris nord for Puddefjordsbrua er lagt til. Bergenhus omfattar det som var Bergen kommune før byutvidinga i 1915, med unnatak av at strøket Årstad er lagt til. Årstad bydel omfattar resten av gamle Årstad kommune som vart innlemma i 1915, Gyldenpris nord for Puddefjordsbrua, og områda Minde, Fantoft og delar av Nattland som opphavleg høyrde til Fana kommune. Bydelen Ytrebygda høyrde òg opphavleg til Fana. Bydelen Fyllingsdalen som vart kjøpt av Fana i 1955, er utvida med området Bønes som opphavleg høyrde til Fana. Fana bydel av i dag omfattar resterande delar av gamle Fana kommune.

Folkemengd og vokster[endre | endre wikiteksten]

I nyare tid har kommunen vorte utvida ei rekkje gonger:

  • 1.1.1877: Bergen hadde 34 388 innbyggjarar. Bergen landdistrikt innlemma med 4883 innbyggjarar. Dette omfatta landssokna hjå Domkyrkja: Møhlenpris, Nygård, Lungegården og Kalfaret, og Sandviken landsokn.
  • 1.7.1915: Bergen hadde 76 867 innbyggjarar. Årstad innlemma med 7463 innbyggjarar.
  • 1.7.1921: Gyldenpris overført frå Laksevåg med 1734 innbyggjarar.
  • 12.8.1955: Fyllingsdalen overført frå Fana med 1590 innbyggjarar.
  • 1.1.1966: Område ved Orrtuvatn overført frå Fana med 4 innbyggjarar.
  • 1.1.1972: Bergen hadde 111 925 innbyggjarar. Kommunane Arna (11 766 innbyggjarar), Fana (44 402), Laksevåg (24 672) og Åsane (19 205) vart innlemma.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Bergen er kupert, og det er berre mindre område med samanhengande lågland. Det høgste punktet i kommunen er Gullfjellet på 987 moh. Dei sju fjella som omkransar Bergen by er rekna frå nord Sandviksfjellet, Fløyfjellet, Blåmanen, Ulriken, Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn. Høgast av desse er Ulriken på 642 moh.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Bergen er eit viktig knutepunkt på Vestlandet og den einaste byen mellom Stavanger og Trondheim med både jernbane, stamflyplass og viktig eksport- og importhamn. Byen er endepunkt for Bergensbanen. Bergen lufthamn ligg på Flesland, om lag 16 kilometer sørvest for bysenteret, med direkte flygingar til dei fleste større flyplassane i Noreg og ei lang rekke utanlandske destinasjonar. Frå Bergen fører ei rekke samband med rutebåtar både lokalt, langs kysten og til utlandet. Bergen er utgangspunkt for Hurtigruta nordover, og det er samband med hurtigbåt til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, Hardanger/Sunnhordland og Rogaland med Stavanger.

Dei viktigaste vegsambanda er E 16 frå aust og E 39 frå nord og sør. Av andre viktige vegar kan nemnast riksveg 555, som gjev ferjefritt samband vestover, til øykommunen Øygarden. E 16 gjev heilårs, ferjefritt vegsamband mellom Bergen og Oslo via Voss, Aurland og Valdres.

Det har vore gjort omfattande arbeid for å betre vegsambanda gjennom byen, særleg på E 39 nordover, og det er i denne samanhengen bygd fleire større tunnelar. Fleire bruprosjekt har endra kommunikasjonstilhøva dramatisk, mellom anna Sotrabrua (1971), Askøybrua (1992), Nordhordlandsbrua over Salhusfjorden (1994) og Osterøybrua over Sørfjorden 1997. I 1996 opna Bjorøytunnelen, ein undersjøisk vegtunnel mellom Håkonshella og Bjorøya i Fjell kommune.

Målform[endre | endre wikiteksten]

Forvaltningsmessig har Bergen tradisjonelt vore ein bokmålskommune, men har òg hatt eit stort innslag av nynorskbrukarar i akademia og i kulturlivet. Fleire aviser som vert redigerte både på bokmål og nynorsk kjem ut i Bergen, som til dømes Dagen og Bergens Tidende. Hausten 2005 gjorde Bergen bystyre eit vedtak om å vera målnøytrale, og tillata både nynorsk og bokmål i fråsegner, vedtak, utgreiingar og anna kommunikasjon, men i praksis er Bergen framleis ein bokmålskommune.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Bergen kommune gjekk over til eit parlamentaristisk styresett i juni 2000, i Bergen ofte kalla byparlamentarismen, etter modell frå Oslo kommune. I Bergen er det byrådet og byrådsleiaren som representerer den utøvande makta. Parlamentarismen gjev bystyret kontroll over byrådet, og det er innført funksjonar og retningsliner for mellom anna å kunna stilla kabinettspørsmål. Ulikt den nasjonale parlamentarismen, vert byrådet direkte vald av bystyret.

Bystyret i Bergen er samansett av 67 folkevalde politikarar frå ni forskjellige parti (Høgre, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raud Valallianse, Kristeleg Folkeparti, Pensjonistpartiet, Venstre og Senterpartiet). Gunnar Bakke (Frp) er ordførar, medan Trude Drevland er varaordførar (H). Sju av bystyrepolitikarane er tilsette av kommunen som heiltidspolitikarar (kommunalrådar). Alle partigruppene får i tillegg løyvd pengar til politiske skrivarar og rådgjevarar, ut frå storleiken på gruppa.

Etter at eit byråd utgått av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti hadde regjert sidan innføringa av byparlamentarismen i juni 2000, førte valresultatet frå kommune- og fylkestingsvalet i september 2003 til at byrådet måtte gå av. Kristeleg Folkeparti, Venstre og Høgre danna 27. oktober 2003 byråd med Framstegspartiet som parlamentarisk grunnlag. Hausten 2005 nekta Framstegspartiet å halda fram med det budsjettmessige samarbeidet. Byrådet forhandla etter dette med Arbeidarpartiet, og gjekk inn i eit tidsavgrensa budsjettsamarbeid. Etter valet i 2007 inngjekk Høgre, Frp og Krf samarbeid om å danna byråd. Monica Mæland (H) heldt fram som leiar, Høgre fekk tre byrådar, Frp og Krf to kvar.

Folk frå Bergen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ann-Kristin Loodtz (26. juni 2012). «Historie». Bergen kommune. Henta 16. juni 2013. 

«Bergen» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no. «Bergen - natur» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no. «Bergen - næringsliv» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.

Referansar
  1. «Vestland Fylke». 
  2. «Høyeste fjelltopp i hver kommune». Kartverket. Henta 27. juni 2017. 
  3. Christoffer Oftedahl: Norges geologi.
  4. Arne Pran er død: – Han tok ansvar etter Vassdalen-ulykken. NRK. Vitja 9. juli 2020
  5. Arne Pran er død. Forsvarets Forum. Vitja 9. juli 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bergen kommune