Bergen kunstmuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergen Kunstmuseum var det tidlegare namnet på biletkunstmusea attmed vestsida av Lille Lungegårdsvannet i Bergen. Saman med det tidlegare Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum i ein bygning vest for Byparken i sentrum av Bergen, vart dei frå januar 2007 dei viktigaste einingane i dei konsoliderte musea i stiftinga Kunstmuseene i Bergen. Frå april 2013 endra Kunstmuseene i Bergen namnet sitt til KODE. KODE er eit av dei største kunstmusea i Norden.

I samband med namneendringa fekk dei fire museumsbygningane namna KODE 1, 2, 3 og 4, der KODE 1 er det tidlegare Permanenten Vestlandske kunstindustrimuseum, KODE 2 det tidlegare Stenersenmuseet og KODE 3 dei tidlegare Rasmus Meyers Samlinger. KODE 4, Lysverket, er det tidlegare kontorbygget for Bergen lysverker. Bygningen er heilt ombygd, og vart teke i bruk som fullverdig museumsbygg i mai 2003.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]