Bergen landdistrikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergen landdistrikt vart oppretta som eigen heradskommune frå 1838 og gjekk inn i Bergen kommune i 1877.

Kommunen omfatta Domkirkens og Korskirkens landsokn, dvs. dei delane av hovudkyrkjesoknene i Bergen som låg utanfor sjølve bygrensa. Domkirkesoknet omfatta Møhlenpris, Nygård, Lungegården til Kalfaret, medan Korskirkesoknet hadde Sandviken som landsokn. Folketalet var 1381 i 1835 og 4883 i 1877.