Bergen ungdomslag Ervingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bergen ungdomslag Ervingen er eit frilynt lag i Bergen som er med i landssamskipnadene Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Laget vart skipa 2. mars 2005 gjennom at Bondeungdomslaget i Bergen og Bondeungdomslaget Ervingen slo seg saman. Laget har om lag 230 medlemer i alderen 5-90 år. Arbeidet i det nye laget går føre seg i Gimle i Kong Oscars gate, medan kontorlokalet er i Fensal i same gata. Torbjørn Bergwitz Lauen vart vald til leiar i laget i 2014.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Laget har ei rekke ulike særlag som driv med ulike aktivitetar.

Dei to første særlaga, spellaget (no teaterlaget) og songarlaget (no Kor e' tonen), vart skipa allereie to veker etter skipinga i 1900 og held framleis koken. Kor e' tonen er eit blandakor med sopran, alt, tenor og bass i stemmerekkja.

Folkedanslaget har lenge vore dei største særlaget med fire faste grupper, Måndagsringen, Onsdagsringen, Folkedans for Seniorar og Hallinggruppa. I tillegg driv Barnelaget og Ungdomsgruppa med folkedans som hovudaktivitet.

Spelemannslaget består av Bergen Juniorspelemannslag og Audhilds, sistnemnde eit spelemannslag for studentar og unge vaksne.

Koneklubbar, handarbeidsgrupper, saumarlag og samlingar av menneske som ynskjer å treffast og verta kjente på tvers av aktivitetar har lang tradisjon i ungdomslaget. I dag har laget to slike grupper: Selsvikklubben som er for eldre medlemmar laget, og Skostredet spøt og slarv for både unge medlemmar og andre interesserte.

Laget skipar òg til lagsmøter med foredrag og ordskifte, og dei ulike særlaget byr inn til festar, konsertar og framsyningar med jamne mellomrom.

Lagshytta på Eidsholmen i Fana vert ofte nytta til turar, og blir elles òg leid ut til andre.

Laget er med i Bygdelagsnemndi i Bergen og gjennom mororganisasjonane (Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag tilmelde Hordaland Ungdomslag og Hordaland Mållag. Dei einskilde særlaga i ungdomslaget er så medlemer i ulike andre organisasjonar.

Lagsbruk[endre | endre wikiteksten]

Som mange andre ungdomslag har Bergen ungdomslag Ervingen eit aktivt lagsbruk. Det første lagsbruket, “Skytningsstova aat Ervingen” i Strandgaten 77, kom i gang allereie i 1903.

I dag er laget eineeigar av aksjeselskapet Ervingen Lagsbruk a/s, som er morselskap i eit konsern med fleire dotterselskap.

Dotterselskapa er Ervingen Kulturhus a/s, Hordaheimen a/s, og Ervingen Eigedom a/s. Desse selskapa har røter attende til 1920-talet, då båe dei to tidlegare bondeungdomslaga dreiv ulike forretningstiltak. Målet med lagsbruka har alltid vore todelt; å skaffe midlar til lagsdrifta og dei ideelle måla for laget, og å profilere laget utad.

I dag er Ervingen Kulturhus eit selskap som eig og driv dei to kulturhusa i Kong Oscars gate; Gimle og Fensal. Målet med selskapet er å skaffe husrom til lagsaktivitetar og vere eit kultur- og aktivitetshus for amatørar og profesjonelle utøvarar i Bergen sentrum. På gateplan er lokala utleigd til vanleg forretningsverksemd. Båe husa er bygd kring 1900, og har vore brukt som forsamlingslokale frå starten. Det er stor festsal i båe husa med plass til om lag 200 personar, i tillegg er det fleire mindre lokale i husa òg.

Hordaheimen driv hotelldrift på reine kommersielle vilkår i kjeda Best Western Hotels. Hotellet nyttar nynorsk som administrasjonsspråk, men stør elles ikkje opp om ideane til laget i den daglege drifta. Selskapet eig og driv òg hotellet Sandviken Brygge hotell.

Ervingen Eigedom a/s eig og driv eigedomane i C. Sundtsgate der hotell Hordaheimen held til. Bygget, som eigentleg er fire eigedomar bygd på ulike tidspunkt, framstår etter siste ombygging og påbygging i 2007 som ein heilskapleg hotellbygning. Bygningsmassen er leigd ut til hotell Hordaheimen på langtidsleige.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bondeungdomslaget Ervingen vart skipa 20. mars 1900, med Olav Hoprekstad som fyrste formannen. Laget skulle vere ein samlingsstad for bygdeungdom i Bergen og arbeide for ”norskt maal, sed og skikk”. Der var jamt over 14 foredrag i året på lagskveldar dei første 10 åra. Målsak var ofte emne for foredraget. I tillegg kom folkedans, amatørteater og korverksemd i gang.

I 1903 sette Ervingen i gang første kaffistova si, ei ny kom til i 1907. Desse gav inntekter for laget, og det same gjorde marknader som laget sette i gang frå 1902. I 1915 hadde laget midlar til å kjøpe huset ”Gimle”.

I 1902 vart det vedteke at ”rusdrykk maa ein ikkje njota der lage er samla”.

Leikarringen kom i gang i 1902, med Hulda Garborg som fødselshjelpar. Songlaget starta opp hausten 1900. Interessa for korsong har variert i laget. Glansperioden var under krigen da songlaget stadig var i drift, medan hovudlaget låg nede i bortimot tre år. Frå hausten 1978 vart koret drive saman med Bondeungdomslaget i Bergen, då under namnet Kor e tonen. Spellaget starta også opp hausten 1900, og det spela òg ei rolle for inntektene.

Målsaka vart tidleg viktig for Ervingen, ikkje minst sidan personar i Vestmannalaget stod sentralt i skipinga av laget. Det største enkelttiltaket som Ervingen stod for i arbeidet med nynorsk, var å setje i gang ”Det vestlandske maalkontor”. I tillegg gav Ervingen pengestøtte til målsaka, ikkje minst gjennom marknadene. I 1907 var det sterk usemje i laget om kor mykje av overskotet av marknaden som skulle gå til nynorskavisa Gula Tidend og kor mykje som skulle gå til lagsarbeid. Striden endå med at Ervingen ikkje involverte seg i arbeidet med marknaden, og det var eit stort mindretal i laget særs misnøgd med. Eit anna stridsspørsmål var om Ervingen skulle vera med i Hordaland ungdomslag eller vere beinveges innmeld i Noregs ungdomslag. Ervingen gjekk ikkje inn i Hordaland ungdomslag, og det same mindretalet kjende seg overkøyrt. I 1909 melde leiarane for mindretalet, Eirik Hirth og Karl Sjurseth, seg ut av Ervingen. Dei tok med seg meiningsfellene sine og skipa eit nytt lag, Bondeungdomslaget i Bergen.

Ved sida av spørsmålet om målmarknad og Hordaland Ungdomslag er det grunn til å sjå personstrid og maktkamp som grunnar til striden i laget. Striden gjekk fyrst og fremst mellom Olav Hoprekstad og Erik Hirth.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]