Hjartebergblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bergenia cordifolia)
Hjartebergblom
Hjartebergblom
Hjartebergblom
Status
Status i Noreg: Framandart med høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Sildreordenen Saxifragales
Familie: Sildrefamilien Saxifragaceae
Slekt: Bergenia
Art: Hjartebergblom B. cordifolia
Vitskapleg namn
Bergenia cordifolia

Hjartebergblom (Bergenia cordifolia) er ei eviggrøn fleirårig plante i bergblomslekta i sildrefamilien. Ho veks naturleg i Altaj og Mongolia. Arten er ei vanleg hageplante i dei nordiske landa. Mange botanikarar meiner at Bergenia cordifolia ikkje er ein eigen art, men derimot ein variant av arten Bergenia crassifolia,[1] Bergenia crassifolia var. cordifolia (Haw.) Boriss.[2]

Hjartebergblomen har store, rosettstilte og lêraktige blad. Dei er omvendt eggforma med bukta eller svakt tanna rand. Oversida er blank og mørkegrøn, medan undersida er lysegrøn. Blada står på gjennom vinteren og endrar farge frå grøn til rustbrun til brunraud seint på hausten hos nokre sortar. Blomstrane sit samla i opprette blomsterstandar på tjukke stenglar ca. 30 cm over bladrosetten. Kvar blomster er klokkeforma og lyseraud til raudfiolett, avhengig av sorten. Frøa mognar særs sjeldan i Danmark og Noreg.

Planta har ein tjukk, krypande rotstokk like under jordoverflata. På grunn av veksemåten vil bladrosetten hevast lengre og lengre over jorda.

Hjartebergblom blir om lag 30 cm høg, men spreier seg i breidda. (30 x 50 cm/år). 4 planter kan dekke 1 m² på 3 år under gunstige tilhøve.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Artsnamnet cordifolia tyder hjarteforma (cordate) og viser til bladforma.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Hjartebergblom veks på fuktige og snørike område og i fjellskog i Sentral-Asia (Altaifjella, Mongolia, Sibir).

Kultivarar[endre | endre wikiteksten]

  • Bergenia cordifolia 'Purpurea.' er den mest vanlege kultivaren.
  • Bergenia cordifolia 'Winterglut' (Winter Glow)
  • Bergenia cordifolia 'Senior.'
  • Bergenia cordifolia 'Bressingham Ruby'

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]