Bergens Privatbank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Banken si hovudgrein i Bergen var frå 1967 plassert i dei tidlegare lokala til Bergen Børs

Bergens Privatbank var ein norsk forretningsbank som var skipa i 1855 i Bergen, og som i 1975 vart slegen saman med Bergens Kreditbank (skipa 1928 som avløysing av den tidlegare Bergens Kreditbank frå 1876) til Bergen Bank. Denne banken var tredje største banken i Noreg då han i 1990 vart slege saman med Den norske Creditbank (DnC) til Den norske Bank (DnB), som med tida vart til den noverande DNB.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergens Privatbank. Bergen byleksikon. Bergen: Kunnskapsforlaget. 1999. s. s. 106.