Bergens Sjøfartsmuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°23′12.991″N 5°19′8.9904″E

Bergens Sjøfartsmuseum
Foto: Nina Aldin Thune

Bergens Sjøfartsmuseum er eit museum med base sentralt i Bergen by. Muséet vart stifta 13. april 1921, med A. R Brekkhus som fyrste formann. Stiftinga kom i stand på eit fellesinitaitiv frå Bergens Skipperforening og Bergens Rederiforening.

Sjøfartsmuséet flytta i 1927 inn i ei nybygd avdeling tilhøyrande Bergen Museum. Etter mange år med plassproblem stod eit eige nybygg klar i 1962, teikna av arkitekt Per Grieg. Bygget er i ein monumental, romantisk stil med kraftige steinvegger. Utstillingslokala er bygt rundt eit indre atrium med glassvegger.

Utstillingane dekker heile sjøfartshistoria frå dei eldste tider opp til vår tid. Her finst ei omfattande samling modellar av kjende fartøy og fartøytypar, samt skipsrestar frå mellomalderen og seinare. Muséet har ei rekke gamle kart, leidarbøker, konstruksjonsteikningar og skutemåleri frå 1700-talet og av yngre dato.

Tore L. Nilsen tok 1. juli 2011 over direktørstillinga ved sjøfartsmuséet etter Atle Thowsen. Bergens Sjøfartsmuseum driv forsking, bibliotek, arkivverksemd og gir ut Sjøfartshistorisk Årbok.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon