Bergensarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bergensarar er folk som kjem frå Bergen. Det er ikkje ein etnisk klassifikasjon, og det er knapt noko samfunn i Noreg som i mindre grad er ei eining og som har ein så mangfaldig sosialstruktur som i Bergen. Språktonen er det einaste som kan reknast som felles for bergensarane. Frå 1500-talet og fram til 1900-talet har 40-50 % av alle bergensarar vore fødde andre stader enn i Bergen.[1]

Eit særtrekk ved innvandrarar til Bergen har vore trongen til å verte assimilert.[1] Trønderen Johan Nordahl Brun skreiv til dømes bysongen, og Wilhelm Frimann Koren Christie frå Kristiansund oppfatta seg sjølv som bergensar og var i samtida si meir heidra lokalt enn nokon annan. Ludvig Holberg sa «Bergensere er en samling av alle nasjoner»[1], medan Aksel Sandemose sa at bergensarar var «skrudd sammen av reservedeler og de er livsfarlige når de virker».

Felles for bergensarane var og er den bergenske dialekten. På 1800-talet utvikla det seg to bergensdialektar, ein «danna» dialekt og ein dialekt for gatebruk. Før dette hadde det berre vore eitt språk.[1] Det var ikkje noko deling mellom aust- og vestkant i Bergen, sjølv om ein kunne finne strøk som vart rekna som finare enn andre. Heile tida og i alle krinsar herska det ein merkverdig fellesskapskjensle som òg framande lett vart fanga inn i. Bergen var forholdsvis isolert overfor landet elles, men dette gjaldt ikkje sjøvegen mot Europa. Bergen var stor nok og hadde ein jamn nok vekst til at ein kunne ta vare på og utvikle alle former for samfunnsliv, og kunne ta imot og tilpasse seg impulsar som heile tida kom utanfrå. På den eine sida kunne ikkje bergensarane verte heimfødingar, og på den andre sida blømde nasjonalismen. I festtalar og bordviser fall kraftpatriotiske uttrykk naturleg, og sjølv i Eidsvollsforsamlinga lærte ein seg raskt å «skåle på bergensk».[1]

Om det i det heile tatt finst, så er det bergenske lynnet i dag oppfatta som ein eigenart, ofte med negativt forteikn.[1]

Kjende bergensarar[endre | endre wikiteksten]

Utan dato

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 24. ISBN 978-82-573-1761-4. 
  2. Siri Sunde i Store norske leksikon. Vitja 1. september 2020