Bergensfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bergensbogane)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bergensfeltet er eit geologisk område kring Bergen. Området er ein del av Den kaledonske fjellkjeda, og er forma som to konsentriske bogar kalla Bergensbuene, som består av kambro-siluriske bergartar med ei overskyvd blokk av prekambriske bergartar mellom. I motssetnad til dei vanlege retningane i fjellkjeda, opnar bogane seg mot vest og set sitt preg på topografien i landskapet.

Bergartane i Bergensfeltet er metamorfe, hovudsakleg gneis og djupbergartar, som anortositt, gabbro-anortositt og mangeritt sentralt i den indre delen, og ei blanding av vulkanske og sedimentære lag i dei ytre og indre bogane.

Ved Os er det gjort fossilfunn frå ordovicium og silur og dette har vare viktig for å forklare utviklinga av Bergensfeltet i tillegg til at det var første gong ein fann fossil i metamorfe bergartar. Bergensfeltet er eit av dei viktigaste områda for å forstå Den kaledonske fjellkjeda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]