Bergfjerdingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergfjerdingen fotografert frå Fredensborgveien i 2008. Den funksjonalistiske bustadblokka til høgre i bakgrunnen er ei av fire i eit kompleks på toppen av høgdedraget, i Westye Egebergs gate, bygd på 1930-talet. Dei er synlege frå store deler av den austlege indre byen.

Bergfjerdingen er eit strok i indre Oslo, i skråninga aust for Akersveien ned mot Fredensborgveien, med dei bratte og smale gatene Dopsgate i sør og Damstredet i nord. Stroket markerer seg i bybiletet ved dei gamle, små bustadhusa som er take vare på, og som for dei fleste er i bruk som bustader etter utbetringar. Dei eldste husa skriv seg frå 1700-talet.

Namnet Bergfjerdingen er kjent frå 1767. Opphaveleg var dette ein av forstadane til Christiania, med små og skrøpelege trehus i ei høgd, der småkårsfolk budde trangt og under dårlege livsvilkår. Til å byrje med var eigedomstilhøva uklåre, men i 1815 vart dette bøta på ved at det vart utskrive tomtebrev. Stroket vart likevel framleis unnateke frå dei regulerande tiltaka som galdt i sjølve byen, mellom anna krava til å byggje husa i mur, den såkalla murtvangen, som skulle redusere risikoen for bybrannar. Etter utvidinga av grensene for byen i 1857 vart òg eit større område både nordover og vest for Akersveien rekna med til Bergfjerdingen. Stroket ikring den steile gata Telthusbakken attmed Gamle Aker kyrkje vart då kalla Øvre Bergfjerdingen.

På plassen som ligg i krysset mellom Damstredet og Akersvegen låg det i si tid ein liten dam som fekk namnet Billedhuggerdammen etter bilethoggarfamilien Meyer, som budde her på 1700- og 1800-talet. Dammen vart fylt att i 1851-1852, men har i den seinare tida vorte gjenskapt i form av eit kunstig, grunt basseng som er ramma inn av ein låg mur.

Forfattaren Henrik Wergeland budde ei tid i Damstredet 1, og den stallen av lafta tømmer i Damstredet der han hadde hesten sin, står framleis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]