Bergljot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bergljot er eit kvinnenamn av norrønt opphav. Det har norsk namnedag den 21. oktober.

Det norrøne Bergljót er sett saman av bjǫrg, 'hjelp, berging', og ljótr, 'stygg', truleg med tydinga 'fryktytande' (for fienden). Den islandske og færøyske skrivemåten av namnet er framleis Bergljót.

Bergljot er også kjend brukt som mannsnamn i Noreg fram til 1600-talet.

Bruk i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 1865 var det registrert 32 kvinner med namn som byrja på Bergl-, med skrivemåten Bergliot som den vanlegaste (dei andre var Berglioth, Bergljot, Bergljoth og Berglodt).

Ved folketeljinga i 1875 hadde 60 kvinner namnet med same byrjinga. Nye skrivemåtar var Bergligjot, Berglijot, Berglioht og Bergljod.

I 1900 blei det nedskrive 1465 kvinner med namnet Bergliot, i tillegg til 960 med Bergljot, 103 med Berglioth og ei rekkje mindre vanlege skrivemåtar, til saman 2 627.

I 2009 var det 988 norske kvinner som heitte Bergljot og 988 som heitte Bergliot.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]